Diskurs og diskrepans
Atle Berge skriv klokt og vittig om dei uskrivne reglane i samfunnet.
Atle Berge er utdanna journalist og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.
Foto: Gry Traaen
Roman
Atle Berge:
Diskursteori for barn og fulle folk
Samlaget
Då eg gjekk på skulen, var det eitt element i karakterboka eg tidt ergra meg over, og det var karakteren i orden og åtferd. Sjølv når det stod «Særs god», visste ein ikkje heilt kva ein hadde gjort, berre kva ein hadde klart å halda seg unna.
Som såkalla vaksen veit ein også kva ein ikkje bør gjera, men ein lyt vera godt orientert om kulturen ein høyrer til, for å forstå korleis ein skal te seg på ein akseptabel måte.
I den nye romanen til Atle Berge vert alle sosiale kodar samla i omgrepet diskurs, som kjem frå latin og eigentleg tyder å springa fram og attende. Her møter me jordfaren Arne Fjørtoft frå Sotra, som er gift med bibliotekaren Hulda frå Lindås. Dei lever i Hokksund, og denne lesaren får ei kjensle av at den Hokksund-busette forfattaren med bakgrunn frå gamle Lindås kommune her har snudd att og fram på si eiga soge, men det er sikkert eit lurt grep, for romanen er god og underhaldande, og Arne og Hulda verkar truverdige.
Lokal kulturrevolusjon
Ved eit tilfelle der Arne vil ein mygg til livs, oppstår ei ny helsingsform, der ein klaskar seg to gonger på kinnet. Seinare kjem aktivitetar som bjeffing og hinking til, som element i ei ny retning for den lokale kulturen, produsert ad hoc i Hokksund.
I utgangspunktet har Arne og Hulda ufriviljug blitt halvkjendisar ved at eit TV-team rustar opp hagen deira. Sjølve hadde dei ingen planar for hagen, korkje bibliotekaren eller jordfaren interesserer seg for jordmoro. Men ved ymse tilfelle vert just hagen åstaden for ein lokal kulturrevolusjon, med aktivitetar som går såkalla viralt etter posting på sosiale medium.
Romanen er ein situasjonskomedie om eit heller diffust opprør mot delar av det politisk korrekte diktatet, dei uskrivne reglane og slike retningsliner ein røyner seg fram til, i ein kultur der alle er snille og sjenerøse og nyttar dei same upersonlege frasane som var dei reelle synspunkt og uttrykk for genuin interesse og innleving.
Opprøret har ikkje sjølv noka retning, for diskursen, som for somme av deltakarane vert eit namn på aktivitetane, vantar innhald, om det då ikkje er slik at kjernen av diskursen er diskrepans, manglande samsvar, til dømes mellom høve og handling, men det hindrar ikkje boka i å gje mange gode døme på intelligent samfunnsanalyse.
Samstundes er konseptet som ein ny og ekstra lang episode av Seinfeld, sidan dei sære rituala ikkje er heilt utan slektskap med Seinfeld-høgtida festivus, der alt religiøst og kommersielt innhald er fjerna, og ein står att med innslag som «the airing of grievances», der du luftar misnøya di ved å fortelja andre i kva grad dei har gjort deg vonbroten det siste året.
Ei bok til
Hjå Berge luftar ein mange kjensler, og ein vaskar dei i alkohol, og kvar gong Sportsklubben Brann har heimekamp, reiser han Arne til Bergen, Nordens paraply, klok av skade utan særleg von, noko han truleg har sams med opphavsmannen sin.
Eit anna ritual i diskursen er puledansen, og det, saman med den evna Atle Berge har til å finna på morosame titlar, får meg til å tenka at det berre må komma ei bok til om sotrastrilen Arne, under tittelen «Kama Sotra».
Berge har iallfall skrive ein god og morosam roman, der handlingane er snodige, men drøftinga av faktiske fenomen ligg på eit høgt intellektuelt nivå. Ved å lesa denne boka får ein i pose og sekk, og det lyt ein vera takksam for.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Konseptet er som ein ny og ekstra lang episode av Seinfeld.
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.