Bok
Dikting og sanning
Edvard Hoem skriv både nøkternt og gripande om ei tippoldemor som var jordmor på 1800-talet.
Edvard Hoem kjenner 1800-talet betre enn dei fleste, skriv Oddmund Hagen.
Foto: Paal Audestad
Edvard Hoem har dei siste åra hatt ein eventyrleg suksess med fire slektsromanar med handling frå Romsdalen og Amerika. I år løftar han tippoldemora Marta Kristine Andersdatter Nesje fram frå det historiske mørkret, og han teiknar eit nært og truverdig bilde av eit enkeltindivid og dei økonomiske, materielle og strukturelle vilkåra ho måtte leve under den tida ho hadde mellom 1793 og 1877.
Hoem har skrive om henne tidlegare, da han på oppdrag frå Den norske jordmorforening skreiv boka Jordmor saman med Tove Nilsen i 2008. No har han utvida denne teksten og gått djupare inn i stoffet, og undertittelen Huset under Blåhammaren markerer skiljet mellom dei to romanane.
Uredd og rakrygga
Alt som barn viste Marta Kristine – eller Stina – seg å vere uredd og rakrygga i møte med vaksenverda, og dette draget ved henne kom til å prege dei vala ho gjorde seinare i livet. Ho møtte sin Hans som barn, og dei heldt fast ved kvarandre i ein livslang kjærleik som baud på store utfordringar for dei begge. Hans var med i krigen mot svenskane i 1814, og i slaget ved Matrand opplevde han ting som seinare vende tilbake som tunge krigstraume og gjorde han uskikka til å forsørgje familien som etter kvart omfatta ti barn, der den yngste av dei, Knut Hansen Nesje, er Edvard Hoems oldefar og hovudpersonen i Slåttekar i himmelen, første romanen i slektskvartetten.
Stina fekk gjennom presten på Veøy høve til å ta eit jordmorkurs i Molde, men ho møtte motstand i bygdene da ho ville praktisere yrket. Det som før hadde vore gratis, skulle folk no betale for, og i ei tid da det var mangel på alt, ikkje minst pengar, var det rimeleg at jordmorhjelp blei sett på som luksus. Men Stina gav ikkje opp; i 1821 gjekk ho til Christiania og tok jordmorskole. Så gjekk ho heim igjen, og no blei ho møtt med større respekt, men ikkje større enn at ho møtte saksøke folk for å få lønna ho hadde krav på.
Historisk grunnmur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.