Bok
Dette var bra, Thure Erik
Thure Erik Lund kombinerer det eksperimentelle og det folkelege.
Thure Erik Lund har skrive fleire prislønte romanar sidan debuten i 1992, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for.
Foto: Helene Spanthus
Gjennom heile forfattarskapet har Thure Erik Lund pressa språk og tanke mot eit framtidssamfunn der mennesket og naturen blir skifta ut av teknologiske nyvinningar som i siste instans vil ende i ein kunstig, fristilt intelligens utan kontakt med organisk liv, programmert til å reagere på impulsar som skal likne menneskelege reaksjonsmønster. Samtidig er forfattarskapet også nær knytt til heimplassen Modum gjennom dialekt, landskap og lynne, bilturar i nærområdet og avsides skogsvegar.
Ei oppfølging
Vertebrae er ei oppfølging av Identitet frå 2017, og igjen lurer Carlo Hallandsås i bakgrunnen, skjult i den vedvarande tekststraumen som renn gjennom begge romanane. Ein stad i framtida har det oppstått eit digitalt samfunn, Vertebrae, der grensene mellom teknologi og biologi er viska ut gjennom at kunstig intelligens trenger seg inn i menneskekroppen slik at skilnaden på maskin og menneske blir borte.
Det kunstige fortrengjer det naturlege og etablerer eit verdssystem ingen slepp unna eller kan kople seg fri frå. Forteljarinstansen i Vertebrae er ein slik kroppslaus kunstig intelligens som etter kvart blir forvandla til eit menneske og ein inkarnasjon av Carlo Hallandsås som døydde i Identitet, men som gjenoppstår i Vertebrae.
Samfunnssatire
Lunds forfattarskap har heile vegen vore prega av sivilisasjonskritikk og samfunnssatire, slagferdig og vittig og drive fram av ein fantasi og eit ordforråd ingen kan oppvise maken til i norsk litteratur. Med Lunds eigne ord er språket «ekspressivt, med en mengde nye orddannelser, med lange og kronglete sammensetninger, trådfylte, innsnodde og abrupte refleksjoner, intense og maniske».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.