Detaljrikt,
men tomt
Forgløymeleg bok om ei ung kvinnes verste mareritt.
Debutromanen til Carolina Setterwall er alt seld til 25 land.
Foto: Linnéa Jonasson Bernholm
Roman
Carolina Setterwall:
La oss håpe på det beste
Omsett av Cecilie Winger
Aschehoug
For eitt år sidan mista eg ein barndomsven. Han berre døydde mens han sov. Uansett kor uuthaldeleg skremmande og uverkeleg det er, så hender slikt av og til.
Det same skjer med sambuaren til Carolina Setterwall, Aksel. Ho finn han død i senga ein haustmorgon i 2014, hjartet hans har stoppa i søvne, og Setterwall blir etterlaten åleine med sonen Ivan, som er spedbarn på det tidspunktet. Dette er utgangspunktet for debutromanen hennar, som har gjort stor suksess i heimlandet Sverige og er selt til 25 land.
I dagane etter at eg fekk beskjed om at venen min var gått bort, kjende eg eit trykk, ein trong til å skrive ut absolutt alt, eg ville ikkje gløyme noko. Alle detaljar vart med, heilt ned til klokkeslettet eg avtala å treffe veninnene mine utanfor kyrkja for å gå i gravferda.
Dette har stor verdi for meg, det er godt for meg nærast å kunne gå tilbake i tid og lese dette. Men for andre, og særleg dei som ikkje kjende venen min, vil det truleg ikkje vere noko nyttig eller på annan måte interessant å lese kva vi åt i minnestunda, iallfall ikkje berre rett fram som ein faktaopplysing.
Journalistspråk
Det er dette som er mi store innvending mot La oss håpe på det beste. Vi får vite alt frå dei to første åra etter at Aksel går bort, og noko blir til og med gjentatt. Romanen fyller drygt fire hundre tettskrivne sider, og mykje av det er slikt som opplysningar om korleis venane hennar hjelper til eller om ho har dusja den dagen.
Eg stolar på at omsette bøker er av høg kvalitet, men denne romanen, med eit språk som minner meg om det ein finn i ein typisk politikarbiografi, blir eg knapt gripen av, sjølv om boka har det mest dramatiske utgangspunktet ein kan tenke seg. Det er som å lese ein rapport, det er rett og slett tidvis keisamt å lese.
Setterwall sa i eit intervju at ho har hatt som mål å skrive lite jålete, og at ho ikkje forventar å få prisar for språket sitt. Det er eg glad for å lese. Dessutan er forfattaren utdanna journalist og kommunikatør, og då er det ikkje underleg at ho skriv som ho gjer. Men eg slit med å skjønne kvifor ein har valt å kalle boka ein roman i staden for ein sjølvbiografi. For når boka er såpass lite litterær, blir «lesarkontrakten» broten, og eg blir sitjande igjen forvirra.
Vi kan bruke Olaug Nilssen som døme på det motsette: Tung tids tale handlar om ein vanskeleg del av forfattarens liv, ei slags sorg, alt skrive på ein konsentrert, litterær måte. Nilssen har slik vore nøydd til å kutte bort mykje for å gjere god kunst ut av det, og romanen er vellukka.
For lettlesen
Noko driv, eller lat oss berre kalle det variasjon, klarer forfattaren å lage ved å veksle mellom fortid, før Aksel døyr, og notid, etter at Aksel døyr. Boka er lettlesen, men det meiner eg mest i negativ forstand – det blir for få utfordringar, for lite for lesaren å finne ut av på eige hand.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg slit med å skjønne kvifor ein har valt å kalle boka ein roman i staden for ein sjølvbiografi.»
Katrine Urke om La oss håpe det beste
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.