Bok

Det var ein gong ein dal

Det er noko tidlaust over fagboka Et sted i tusenvis av år, sjølv om det går ei kronologisk tidslinje som berebjelke gjennom heile framstillinga. Vi får følgje utviklinga i ein dal ved ein fjord frå istida til notida.

Det tidlause finst i forteljarstemma, som har ei arkaisk, men like fullt moderne form. Jan Chr. Næss opnar for filosofiske samtalar og refleksjonar om tid, sjølv om formidlinga er kunnskapsorientert mot både geologiske, historiske og sosiologiske fakta. Oppe i fjellsida står Jens Kristensen med pensel og palett. Han målar landskapet i dei same duse fargetonane og menneska med dei same milde ansiktstrekka gjennom tusenvis av år.

Tida går, men tida står også stille. Dei gamle fjella i syningom er alltid eins å sjå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement