Bok
Det uskjønelege lyset
Fosses skrift om religion og kunst lyser.
Dramatikar og forfattar Jon Fosse fyller 60 år 29. september og vert feira med nye bøker og internasjonal Fosse-festival.
Foto: Tom A. Kolstad
I Septologien går Fosse opp att velkjende spor både i stil og tematikk. Ein kjenner att situasjonar, miljø og motiv, og ikkje minst forma: den repeterande stilen med den gjerrige teiknsetjinga, det sære, men vakre vokabularet, den enda særare syntaksen. Ikkje minst kjenner ein att både person- og stadnamn.
Som ein annan Márquez nemner Fosse personane sine med dei same namna på nytt og på nytt. Til liks med den store colombianaren har han også funne seg nokre fiktive stader der han lar handlinga i fleire av tekststykka spele seg ut, stader som liknar på verkelege plassar vest i Noreg. For mange som er glade i Fosse, er ikkje dette innvendingar, men attersyn med kjære kjenningar.
Dylgja revisited
Vi er i ei nær fortid, det kan minne om 1980-åra. Framleis blir det røykt inne på kafear, og ein ser ikkje snurten av ein mobiltelefon. Asle er kunstmålar og bor på Dylgja, ein stad utanfor Bjørgvin. Han bur aleine, etter at kona Ales døydde for nokre år sidan. I Bjørgvin bur den beste kameraten hans, som også er kunstmålar og som også heiter Asle. Asle i Bjørgvin har seriøse alkoholproblem, og den første Asle prøver å berge livet hans etter ein kollaps og tar seg av hunden hans.
Dobbeltgjengarmotivet er tydeleg. Ei nærliggande tolking er å vise to moglege retningar eit liv kan ta, og kor tilfeldig det kan vere om ein kan rette ryggen og gå vidare eller bryte saman. Alle liv er utsette, mennesket er sårbart og greier seg ikkje aleine. Det blir understreka gong på gong at den Aslen som ikkje drikk, ikkje ville ha klart å slutte utan hjelp, og at den Aslen som drikk, treng hjelp for å greie det.
I tillegg til desse eldre Aslene, har vi ei yngre utgåve, som vi ser skildra i eit kjærleiksmøte på ein leikeplass. I band II er vi mykje av tida i eit barndomens landskap, der temaet med det utsette livet kjem endå tydelegare fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.