JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det monetære mekkaet

Svalbard har alltid lokka til seg folk med draumar. Gjerne om gull og sølv og store pengar. Jo lenger unna, dess større draumar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Setel frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani.

Foto frå boka

5733
20221202
5733
20221202

Sakprosa

Morten Søberg:

Svalbard! Pengar!

Spartacus

Bankmannen Morten Søberg er vår tids drøymar. Ikkje om handfast edelt metall, men om kodar av tal og bokstavar i lange rekkjer. Kryptovaluta og «non-fungible tokes», gjerne omtalt som NFT. «I stutte, folkelege drag er ein NFT eit digitalt prov på eigarskap til data», ifølgje han.

Søberg har valt å bruke Svalbard som ramme for forteljinga si, utgjeven som ei bok med mjukt omslag, med tittelen Svalbard! Pengar!. Til liks med tittelen, i versalar, utan omsveip, opnar boka med følgjande «reine ord for pengane»: «‘Alle’ har høyrt om bitcoin, ‘ingen’ har lese om Svalbard-pengar. Men både kryptovaluta og setel og mynt på Svalbard er og var ‘tufta’ på ulike former for gruvearbeid.»

Folk som syslar med kryptovaluta, held seg gjerne til eit språk som mystifiserer og underbyggjer myten om noko for dei innvigde. «Mining», som det gjerne vert kalla. Medan gruvearbeidarane av det «ikkje-virtuelle» slaget, dei som faktisk grev ut kol i mørke og djupe gruvegangar, nok ser på det heile med ein viss avstand.

Fritt og ledig

Forfattaren assosierer øyriket lengst nord i kongeriket med gruvearbeidarar, diesel, tunge maskiner, våpen, hjelmar, Sovjetunionen, fangstmenn, polarekspedisjonar, Orions belte, kvalross, låge skattesatsar, rust, geologi og så vidare og så vidare. Han gapar over det meste i eit fritt og ledig språk, frå Roald Amundsens ekspedisjonar til han forsvann med det franske flyet «Latham» sommaren 1928.

Han svingar innom stadnamn på Svalbard, som i ein kongeleg resolusjon i 1933 vart vedteke skrivne på nynorsk, til liks med språkforma i boka. Han flyg helikopter til Ny-Ålesund og køyrer snøskuter til Colesbukta og Hiorthhamn. Han legg ut på snøskutertur mot austkysten, truleg for å sjå etter isbjørn, eller kan hende nordover mot den nedlagde russiske gruvebyen Pyramiden. Kva målet er, kjem ikkje fram i boka, men turen endar med at Søberg og reisefølgjet snur på Rabotbreen i det vêret tetnar til og mørket sig på.

Alt dette gjev han høve til å skrive om det som opptek han mest: pengar. Han koplar smidig historia til svalbardpengane med dei meir uhandgripelege coins, e-pengar og kryptovaluta.

Betalingsmerke

Svalbard fekk eigne pengar i 1906, eller betalingsmerke, som dei vart kalla. Amerikanarane var først ute, den gongen byen heitte Longyear City, med John Munro Longyear som grunnleggjar. Lokale pengar vart skrivne ut av Bjørnøen AS, Kings Bay Kull Comp., Grumant & Co, Green Harbour Coal Company, Trust Arktikugol, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og forløparen, Det norske Spitsbergensyndikat.

Den sjeldnaste av setlane er ein femkronesetel frå Grumant Co Coal Bay med ordet «pengeseddel» påført, som for å gjere det klart at han, trass i det beskjedne, amatøraktige ytret, faktisk hadde verdi.

«Til liks med andre Svalbard-setlar hadde ikkje pengesetelen frå Grumantbyen i 1920/21 noko vassmerke – kvalitetsmerke du får auga på om du held offisielle setlar opp mot lyset.»

Søberg kallar femkroningen frå Grumantbyen ein «monetær edelstein». Ordet monetær dukkar opp i boka i ei rekkje koplingar. Store norske leksikon fastslår kort at «monetær er et ord for noe som angår pengevesenet».

Bruken av svalbardpengar var ei praktisk forordning, samstundes som selskapa som skreiv ut setlane, tente pengar på å ha tilsvarande beløp ståande til forrenting i ein bank på fastlandet.

Ordninga vart avvikla 1. januar 1980 etter at Store Norske Spitsbergen Kulkompani fekk påtrykk om det frå Noregs Bank. I samband med avviklinga fekk folk ei viss tid på seg til å løyse inn svalbardsetlane, som då vart makulerte. Dess fleire som følgde oppmodinga, dess høgre verdi fekk dei attverande setlane, noko ikkje minst samlarar gledde seg over. I tillegg til Store Norske Spitsbergen Kulkompani, som registrerte at setlar for 570.278 kroner ikkje var innløyste og difor kunne bokførast som inntekt for selskapet.

Optimistisk framtidssyn

Svalbard! Pengar! vert avslutta med eit optimistisk framtidssyn på digitale pengar. For å halde på koplinga til Svalbard har Søberg i regi av Sparebank 1 etablert Digital Svalbard Coin, med ein serie digitale svalbardmyntar, i det han omtalar som eit NFT-eksperiment. I den no nedlagde bankfilialen i Longyearbyen studerte han ein serie sovjetiske svalbardmyntar. Det statlege sovjetiske gruveselskapet Trust Arktikugol, som i dag er russisk, var det einaste selskapet som skreiv ut mynt på Svalbard.

Søberg skriv at han på ein konferanse om blokkjedeteknologi i New York i fjor haust viste fram dei tre første myntane frå den eksperimentelle myntverkstaden. Han skriv at «alle myntane er på ymist vis meinte å vera ein ‘lovsong’ til dei sovjetiske Svalbard-myntane». Myntane portretterer tre «framskotne sovjetborgarar»: gruvearbeidaren Aleksej Grigorjevitsj Stakhanov, den verdskjende ballerinaen Maja Plisetskaja, som hadde nokre barndomsår i Barentsburg, og «kamerat Lenin» kopiert frå bysten av han som framleis står i sentrum av Barentsburg.

Boka femner vidt, men kan òg lesast som ei hyllest til digitale pengar, av bitcoins og liknande. Det får så vere at dei europeiske finanstilsynsmaktene nyleg gjekk ut med ei åtvaring om høg risiko knytt til virtuell valuta, «såkalla kryptovaluta», som dei skriv i fråsegna si, og minner om den gamle sanninga om å vere på vakt «særleg der det høyrest for godt ut til å vere sant».

Morten Søberg vedgår at svalbardmyntane knapt har bruksverdi som pengar og at dei i beste fall er samleobjekt, «men kven veit korleis pengar kjem til å sjå ut i framtida?».

Birger Amundsen

Birger Amundsen er journalist, forfattar og fotograf.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Per Anders Todal

Eit minnesmerket over slaget om Gallipoli i (1915–1916), synleg for alle som kryssar Dardanellane mellom europeiske Kilitbahir og asiatiske Canakkele.

Foto: Jorge Láscar / Wikipedia Commons

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Grushaughoroskopet

TROJA: I ruinane av den halvmytologiske trojanarkrigen kan ein, om ein tolererer litt pompøsitet og fiasko, freiste lese si eiga krigerske tid i lys av ei gammal.

Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.

Foto: Anders Hammer

ForsvarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.

Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane

Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis