Bok
Det moglege livet
Tormod Hauglands portrett av kunstnaren som ung mann er originalt og poetisk.
Tormod Haugland debuterte med ein roman i 1994 og har sidan skrive fleire romanar, noveller, dikt og dramatikk.Tormod Haugland debuterte med ein roman i 1994 og har sidan skrive fleire romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge SkodvinFoto: Helge Skodvin
Roman
Tormod Haugland har ei rekkje utgivingar bak seg og har kanskje fått mest åtgaum for dei tre siste. Om livet på jorda er den tredje boka på kort tid i sjangeren autofiksjon, sjølvbiografiske romanar om Tormod som veks opp på ein gard på Radøy utanfor Bergen.
Det er ein kjensle- og sansevar ung mann vi blir kjende med. Han står i nær kontakt med miljøet rundt seg og har mykje godhug for garden, dyra der og foreldra. I (dannings)reisa ut i verda kjem dette vare sanseapparatet i møte med mangt, både tenkt og utenkt, og den unge mannen får brynt seg.
Det store spelet
Reisa ut i verda byrjar med bussturen frå heimegrenda til den vidaregåande skulen nokre mil borte. Her blir personlegdomen til den unge mannen sett i relieff både mot lærarar og andre elevar med ein annan bakgrunn enn hans eigen. Det blir snart tydeleg at den årvakne ungguten òg har mykje trass i seg. Saman med ein typisk testosteron-trigga aggresjon får desse personlege trekka av og til dumme utløp. Slik er ungdomslivet, det skal festast, det skal prøvast ut.
Ein viktig og gjennomgåande tematikk i boka er motsetninga mellom det tradisjonelle, manuelle og bokstaveleg tala jordnære, og det som vert skapt ved hjelp av industri og modernitet. Dette blir både heilt konkret og samstundes symbolsk uttrykt ved ein fabrikkprodusert genser gitt i gåve av Tormods kjærast. For jenta er genseren det finaste ho kunne gi han. For Tormod, som kjem frå eit miljø der det heimestrikka er det einaste gangbare, blir gåva så vanskeleg at ho veltar heile forholdet. Han og jenta kjem frå ulike verder. Etter kvart greier han å sjå at det eine ikkje nødvendigvis er betre enn det andre, det er berre annleis. «Den bitande bindinga til jorda» er djup og kompleks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.