Bok

Det gode som han ville

Lars Ramslie skriv sterkt om ein far som ikkje meistra farsrolla.

Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Publisert

Somme får aldri fram det beste i seg sjølv, eigenskapane deira spelar ikkje på lag, men skifter på å vinna over kvarandre, slik at personen syner mange sider, men ingen påliteleg heilskap. Mellom anna slik ser eg den farsfiguren Lars Ramslie har portrettert så sterkt, nærgåande og originalt i romanen Fjellet, geværet, vannet.

Dette er ikkje ein roman med eit kronologisk ordna plot i bedageleg forteljande prosa frå a til å, men heller ei punktvis framstilling av til dels dramatiske hendingar, oftast skriven med andre persons perspektiv, stila til den faren som ikkje lenger er til, og som ikkje var den trygge og tillitvekkjande grunnsteinen i livet som ein gjerne ser for seg ved tanken på det faste og tunge ordet far.

Han som skriv til den faren som ikkje lenger er til, og som skriv at han skriv, heiter Lars, og lesaren forstår av dette, og av detaljrikdomen i teksten, at det som står i boka, er slikt forfattaren har opplevd med sin eigen biologiske far. Men det er ikkje ein sjølvbiografi, sidan det just er denne andre, altså faren, som er i fokus.

Manndomsprøve

Mellom dei mange hendingane i romanen er det éi som står i sentrum, og det er ei slags manndomsprøve for den ni år gamle guten, då faren tek han med på ein strabasiøs fjelltur, opp på fjellet som har namnet deira, tilhøyrande den garden faren ikkje fekk odelen på, noko han ikkje heilt kan forsona seg med.

Men lesaren forstår at denne mannen ikkje kunne arva garden, han hadde ikkje den soliditeten som var naudsynt for den som skulle halda garden i slekta. Han var sjømann og boksar med valdsrykte, rusproblem og stundom skortande konsekvensanalyse, til tider lynande gløgg, andre gonger heller naiv, hard og mjuk på same tid, oppfarande og angrande, mykje av tida i ein eruptiv relasjon med ein eksplosiv kjærast. Og når forfattaren minnest at guten Lars vart sett i skorfeste med eit spørsmål om kven som var vond og kven som var god av dei to, seier han at han såg dei som eitkvart siamesisk, dei var to utgåver av same stoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement