Bok

Den triste historia til NKP

Kva snakka sovjetrussarane med NKP om? Ei omfangsrik bok henta frå sovjetiske arkiv gjev noko av svaret.

Formann i Norges Kommunistiske Parti NKP og redaktør i bladet Friheten Reidar T. Larsen fotografert i 1965.
Formann i Norges Kommunistiske Parti NKP og redaktør i bladet Friheten Reidar T. Larsen fotografert i 1965.
Publisert

Ein dag i juni 1957 kom Just Lippe, sekretær i Noregs kommunistiske parti, til den sovjetrussiske ambassaden på Drammensvegen i Oslo. Han hadde eit viktig oppdrag: Den norske kvinna Oddny Isaksen ville tilbake frå Sovjetunionen til Noreg. Ho var dotter av ein norsk partisan som hadde sete ti år i sovjetisk fangeleir. Denne tilbakereisa måtte vente til etter stortingsvalet hausten 1957, bad Lippe om.

Historia om den unge norske kvinna kan ein fylgja gjennom fleire av dokumenta som er gjevne att i samlinga Sovjetunionens kommunistiske parti og Norge 1952–1967. Boka, som kjem ut i desse dagar, er redigert av den norske forskaren Sven Holtsmark saman med russarane Aleksej Komarov og Mikhail Prozumensjtsjikov. Omsettinga til norsk av dei mange russiskspråklege dokumenta er gjort av russiskfilologen og diplomaten Steinar Gil.

Imponerande

Arbeidet med å henta fram dei meir enn 200 dokumenta frå sovjetiske arkiv er imponerande. For fyrste gongen kan me fylgja det tette hopehavet mellom det norske og det sovjetiske kommunistpartiet frå den tidlege fasen av den kalde krigen og fram til 1967. Årsaka til at dokumentsamlinga sluttar nettopp der, er at det russiske arkivverket ikkje har gradert ned materiale som er nyare. Det er å håpa at dette kjem om nokre få år, slik at me i detalj kan lesa om den antakeleg særs tette kontakten som var mellom ulike kretsar i NKP og den sovjetiske ambassaden då SV blei danna i 1974–75.

Dokumentsamlinga som Holtsmark, Komarov og Prozumensjtsjikov står bak, stadfester det ein såg i 1970-åra, då den vesle krinsen av Moskva-tru kommunistar som var att i Noreg, nekta å gå inn i SV: For Moskva var det ikkje så viktig om det norske kommunistpartiet var lite eller stort. Det absolutt viktigaste var at det på norsk jord eksisterte eit parti som fylgde Moskva i tjukt og i tynt, eit parti som Moskva til kvar tid kunne dirigera. Difor var inga sak som hadde med det norske kommunistpartiet å gjera, for lita for den sovjetiske ambassadøren i Oslo. Kvart brot på den korrekte kursen blei påtala frå sovjetisk side, og dei norske kommunistane hadde å fylgja råda dei fekk.

Slik sett får ein ei stadfesting av påstandane antikommunistar som til dømes Håkon Lie retta mot det norske kommunistpartiet i denne perioden. Som det nemnde dømet med Oddny Eriksen synte, gjekk leiinga i NKP ikkje av vegen for å handla i strid med soleklåre interesser til norske borgarar for å fremja eigne – og sovjetiske – mål. Oddny Isaksen kom seg etter kvart heim til Finnmark etter å ha levd i djup fattigdom i Murmansk saman med den vesle dottera si. Men det skjedde fyrst etter at stortingsvalet i 1957 var avvikla, slik partisekretær Just Lippe bad den sovjetiske ambassaden om. Forresten tapte NKP mandatet sitt i Finnmark fylke den hausten, slik leiinga i partiet frykta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement