Bok

Den stunda som stunda varar

Eli Fossdal Vaage skriv klokt om vanlege hendingar og uvanlege tankar.

Eli Fossdal Vaage debuterte som forfattar med ei diktsamling i 2014.
Eli Fossdal Vaage debuterte som forfattar med ei diktsamling i 2014.
Publisert

Alternativet til å leva i stunda er stundom å døy i synda, augneblinken som kunne ha endra alt til det betre, er borte for alltid, men det same gjeld augneblinken som kunne ha endra alt til det verre. Så det går vel for det meste opp i opp, og verda haltar vidare, eller, som det står i Håvamål: Alt er flokut som før.

Eli Fossdal Vaage har med boka Grå hoppe levert ei samling av heile 26 prosatekstar, på til saman 121 sider. Dei er med andre ord stutte. Det er ikkje store rørsler eller lagnadstunge avgjerder som dominerer, og sjølv når Vaage tek eit sidesprang ut or det rasjonelle, verkar det plausibelt, i alle høve til ein viss grad. Teksten peikar ikkje på seg sjølv og seier: Sjå kor rar eg er! Anten det no er menn med PMS, hundar som går att, eller ein talande og tenkjande fjord, godtek lesaren premissane utan store innvendingar.

Underfundig

Likevel er det på andre område eg tykkjer Vaage er på sitt beste, og det er i kloke resonnement og underfundige funderingar. Dessutan er det eit viktig moment til, som kan gå mange lesarar hus forbi, nemleg ein heilskapstanke i utforminga, og den kjem til syne i titlane til dei mange tekstane. Nesten alle er eit substantiv i ubunden form, eller dei er ord eller delar av uttrykk som gjer det same opne inntrykket. Der bunden form er insisterande, fiksert og partikulær, er det ubundne eitkvart som kan tolkast i mange retningar, det er lite og samstundes uendeleg. Når dette er så grundig gjennomført, får det i alle høve denne lesaren til å ana at forfattaren er både kjenslevar og musikalsk, og det er ikkje nett ulemper for ein forfattar.

Medan ein les, er det andre kvalitetar ved teksten som gjer seg mest synlege, det er både gode skildringar og observasjonar av det konkrete, men også av slikt ein ikkje kan observera, alt ein berre kan tenkja seg til, som dette, om folk som ligg for døden: «Kanskje tenkte dei heilt vanlege ting, kva det enn var, små strøtankar om kva som omgav dei… Kven som kom til å ta seg av hagen deira, kjæledyret, stengja av vatnet på hytta. Om dei hadde hugsa å rydda vekk pinlege personlege effektar frå slike stader som baderomshylla eller soveromsskuffene, om dei ynskte det, då; sletta søkjeloggen på internett eller meldingar på telefonen som ingen burde lesa.» Ja, det kan vera mykje som lyt slettast. Du slette tid!

Klokt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement