JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Den store fornyaren»

Jan Olav Gatland har gjort eit grundig arbeid, men ein saknar meir av hans eigne vurderingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5293
20201009
5293
20201009

Sakprosa

Jan Olav Gatland:

Lars Berg. Rikspornograf og kulturforkjempar

Samlaget

Med biografien om nordlendingen Lars Berg (1901–1969), den «utan tvil mest radikale norske forfattaren på 1930-talet», har Jan Olav Gatland vilja trekkje fram or gløymsla ein forfattar som det vart mykje ståhei rundt i 1930-åra og igjen etter krigen, og som dessutan gjorde mykje av seg også som målmann, teatermann og politikar. Ikkje minst visste han å provosere, ifølgje Gatland, og då særleg på det seksualmoralske området. Han kallar Lars Berg for «den store fornyaren» på det seksuelle feltet, og roser han for å skrive direkte og ope om tabubelagde spørsmål som skakkøyrd seksualitet og manglande seksualopplæring i heim og skule. Dessutan har Gatland vorte slegen av det kraftige og frodige i romanane hans, og han vil gjerne formidle denne opplevinga, kanskje utan heilt å lukkast.

Skandalesuksess

Alt med dei to første romanane sine, Men det var det ingen som visste (1934) og Du er den første kvinne (1935), gjorde Lars Berg ein succès de scandale på grunn av dei – for si tid – direkte seksuelle skildringane. Den første boka tar opp seksuell og emosjonell impotens som først vert lækt då hovudpersonen møter ei mykje yngre, uskuldig jente som har eit naturleg forhold til erotikk. Den andre skildrar ein donjuan, ein mann med ei umetteleg seksualdrift som først vert stetta då han møter att den såkalla «første kvinna» etter om lag tjue år. Trolldomen vert heva. Også her er det ei ungjente som til slutt forløyser den middelaldrande mannen. Problema til begge hovudpersonane kjem av ein oppvekst i ei trong bygd der alt snakk om seksualitet er tabu og definert som synd.

Begge romanane vekte stor oppsikt. Somme kritikarar roste forfattaren for å ta opp eit særs viktig emne, andre gjekk laus på han for umoral og sedløyse. Som kjent var 1930-åra ei tid med sterke ideologiske motsetnader, der legen Karl Evang arbeidde for seksualopplysing, medan forfattaren Fredrik Ramm hissa seg opp over den skitne straumen han meinte forfattarane velta ut over landet. Det seier seg mest sjølv at Lars Berg vart omfamna av forfattarar som Aksel Sandemose og Sigurd Hoel og av kritikarar som Olav Dalgard. Biskop Eivind Berggrav meinte at boka minte om det gutar skreiv på doveggar, og at Lars Berg fråtsa i pikante detaljar berre for å vekkje oppsikt. Somme skjelte Lars Berg ut for å vere «rikspornograf», andre igjen meinte at han var altfor påverka av psykoanalysen.

I dei seinare romanane sine gir Lars Berg til dels breie sosiokulturelle skildringar av små fiskarsamfunn nordpå. Handling og miljøteikning i desse bøkene ligg tett på hans eige liv, heilt ned i detaljar som at hovudpersonen misser eit auge. Også her spelar seksualitet ei stor rolle, men no finn til dømes Olav Dalgard at det vert keisamt med så mange samleie skildra på prikk likt vis. Erna Ofstad hevdar om romanen Du har rett til å leve (1965) at Lars Berg skriv ein «søtladen», sentimentalisert pornografi «slik en frustrert kristelig tante kunne tenkes å gjøre det»; det vert «billige søndagsskolefortellinger».

Tradisjonell biografi

Gatland byrjar med å skildre Lars Bergs barndom og oppvekstår i nærleiken av Tromsø og gir eit kort riss av karrieren som lærar. Deretter vert dei ulike romanane presenterte kronologisk, parallelt med opplysningar om alle dei andre kampane og gjeremåla hans.

Krigsåra får eit eige lite kapittel; då var Lars Berg med i motstandsrørsla og hamna på Grini dei siste krigsåra. Referat frå mange brev til og frå forfattaren gir eit direkte innblikk i korleis han såg på forfattarskapen sin, og ikkje minst kor sår han var for kritikk, samstundes som han hadde stor tru på seg sjølv dersom han berre kunne få den hjelpa han trong. Språkbruken i breva kan vere både aggressiv og upolert, ikkje minst når det gjeld kona hans.

Gatland har gjort eit verkeleg grundig arbeid med å finne fram meldingar og kommentarar til dei ulike romanane. Men ein saknar meir av hans eigne vurderingar; dei kan kome fram som ein replikk til enkelte meldarar innimellom, eller i meir sveipande ordelag. Her manglar ei tydelegare røyst. Og sjølv om Gatland i innleiingskapitlet seier at denne boka skal handle om korleis Lars Berg ville gi folk «meir sjølvtillit og sjølvkjensle» både når det galdt evner og mot, vert denne raude tråden litt borte i ei mengd opplysningar om arbeidet hans for målsaka, for å få i stand eit nordnorsk teater og for lokalpolitikk.

Eit emne Gatland så vidt streifar, er korleis ein skal forstå kvinneskildringane til Lars Berg. Kvinnesakskvinna Mimi Sverdrup Lunden hevda at dei to første bøkene hans «skriker høit mot himmelen i sin urgamle, ufrie betraktning av kvinnene». Ein sit att med ei kjensle av at kvinnene berre er til for ein einaste ting: «Å tjene mannens behov, avlaste hans komplekser, frigjøre hans erotiske underlegenhetsfølelse.»

Seinare hevdar ho som noko positivt at Lars Berg syner stor forståing for kvinners største problem: at dei er slavar av sine kvinnelege drifter. Gatland gjer diverre ikkje meir ut av dette interessante spørsmålet.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her manglar ei tydelegare røyst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis