Bok

Den store arbeidarromanen

Lavterskeltilbud er vellukka satire om litteraturen og klassemedvitet.

Jens M. Johansson skriv om ein forfattar som får eit kjempestipend for å skrive ein roman om arbeidarklassen.
Jens M. Johansson skriv om ein forfattar som får eit kjempestipend for å skrive ein roman om arbeidarklassen.
Publisert Sist oppdatert

Dersom du er trygg på at samfunnet, til dømes det norske, er klassedelt, kan du då definera klassane og peika på stadane der skiljet går? Er alle lønsmottakarar arbeidarar? Eller er den eigentlege arbeidarklassen i dag den gruppa av menneske som har ei inntekt under ei heilt spesifikk grense, som vantar høgare utdanning og som saknar tryggleik i tilsetjingstilhøvet? Har me ein elite i tillegg til den økonomiske, til dømes den som til fulle kjenner den kulturelle proveniensen sin, og kan prova det ved å forstå ordet proveniens?

Butikkarbeid

Spørsmål som dette får me ikkje formulert i den nye romanen til Jens M. Johansson, men boka får i alle høve denne meldaren til å stilla slike. Hovudpersonen er forfattaren Adam Berg, som kjenner seg sett i skuggen av andre og dårlegare forfattarar, men som har fått eit kjempestipend for å skriva ein roman om arbeidaren, om den som sit i kassa på butikken eller gjer noko anna av det ein kallar arbeid. Eg vil då tru at det generelt vert sikta til ei verksemd få vil nemna som karriere, og som er slitsam, kastar lite av seg, møter meir vanvørdnad enn vørdnad og er naudsynt for at samfunnsmaskineriet skal fungera og dei uturvande karrierane til dei høgvørde kan halda fram utan stans.

Berg, som slit litt på heime­­-
bane, då kona, Iris, nyleg har vedgått at ho har hatt det ho kallar ein affære, får mykje merksemd for prosjektet sitt, men helst i dei krinsane han høyrer til i no, som forfattar. Med litt løgn, list og lempe får han seg jobb i ein butikk, han diktar opp ein figur til romanprosjektet og nyttar opplevingane i butikken og tankane kring livet der som utgangspunkt for romanen. Samstundes har han ein snodig far som masar på han for å få han til å køyra frå Oslo til Ulsteinvik og henta ein båt han, altså faren, ein gong har bygd.

Ulike plan

Romanen fungerer ulikt på ulike plan. Som sosialantropologisk rapport frå kvardagslivet til forfattaren og dei han har kring seg, liknar boka på ein episode frå komiserien Side om Side, med andre ord tynt plott med umogne og stereotype karakterar, men på fleire andre område står romanen sterkt og stødig. Far til hovudpersonen er eit stort lyspunkt, ved kombinasjonen av truverdig kunnskap og irrasjonelle handlingar, ikkje minst ei stor livsløgn som han røper mot slutten. Boka handlar dessutan om klassemedvitet på ein annan måte enn det ser ut til på overflata, for når Adam Berg i romanen sin ser arbeidarklassen frå innsida, gjer han jo ikkje det. Kor som er, vert blikket hans utanfrå, og truleg er det dette han sjølv har ei aning om til slutt, då romanen han fekk stipend for å skriva, er ute på marknaden og vert rekna som ein stor suksess.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement