Den som er
med på leiken …
Hanne Ramsdal viser ei kvinne som fell for eigne grep.
Hanne Ramsdal debuterte som romanforfattar i 2006.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Roman
Hanne Ramsdal:
Jeg kaller deg Pjotr
Gyldendal
Hanne Ramsdal (f. 1974) debuterte i 2006 med romanen Jeg lukket døren bak ham da han gikk, ein roman om skuld og skam knytt til eit sjølvmord. Så lukka ho sjølv døra, for det kom ikkje noko meir før no, 13 år seinare. Den vanskelege andreboka har kanskje vore ekstra vanskeleg.
Psykologisk teft
I debutboka avslørte ho psykologisk teft, og det er også noko av styrken denne gongen. Ho går tett på ei kvinne som mistar seg sjølv og familien ved å innleie eit seksuelt forhold til ein mann ho blir åtvara mot, men ho stuper inn i det utan tanke på konsekvensane. Det er spenning, drifter og hemningslaus sex, sjølvsentrert og utan ansvar i ein leik med roller der ho er Olga og han er Pjotr.
Språket er gebrokke engelsk i den eine tekstmeldinga etter den andre, der vokabularet er sentrert kring lick og dick og suck og fuck, morosamt og kreativt til eit visst punkt, men også eindimensjonalt og overflatisk, slik pornografi gjerne er. Slik går det side opp og side ned; lesaren blir ein kikkar inn i det heilt private. Hadde det ikkje vore noko meir, kunne dette gjerne vore levert på glansa papir.
Godt komponert
Men så strammar Ramsdal grepet kring forteljaren Lone; ho blir a-Lone og Lone-ly, og etter kvart raknar heile tilværet. Ho greier ikkje konsentrere seg om jobben, ho greier ikkje ta vare på dottera på fem år, ho fungerer ikkje lenger i kvardagen, men lever i si eiga intense boble der all energi blir retta mot noko som berre finst som illusjon og ein draum om å bli del av eit anna menneske.
Ho innser etter kvart at alt ho har satsa, har ho tapt. Gevinsten er null, ja, han går i minus, og det finst ingen vegar tilbake. Ho blir innhenta av eit ansvar ho har flykta frå, eit alvor ho ikkje har innsett, og det ho sit tilbake med, er rein desperasjon.
Jeg kaller deg Pjotr er ein velskriven og godt komponert roman med stigning mot slutten, og dottera Kajsa er skildra med innsikt og innleving i den angsten og einsemda ho kjenner når mora berre går for å møte elskaren eller gløymer å hente i barnehagen.
Likevel, i lengste laget og litt på tomgang i sexscenar ein like gjerne kan søke opp på nettet.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jeg kaller deg Pjotr er ein velskriven og godt komponert roman med stigning mot slutten.
Fleire artiklar
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»