Bok
Den øydeleggjande kjærleiken
Stormfulle høgder er briljant om destruktive krefter i mennesket.
Emily Brontë skreiv berre éin roman.
Foto: Hulton Archive
Somme storverk i litteraturen trur ein at ein kjenner godt til av di ein las dei for 45 år sidan, men då lyt ein tru om att. Slik er det med nyomsetjinga av den einaste romanen til Emily Brontë, Stormfulle høgder. Her har omsetjarane gjort ei bragd, gått til grunnteksten og fått med seg absolutt alt frå eit litterært univers som i den djupaste grunnen er ulikt alt anna.
Handlinga i boka vert for ein stor del silt gjennom fleire lag av forteljarar, men den som fører teksten fram til lesaren, er ein som ikkje har mykje med hendingane å gjera, ein Mr. Lockwood som har leigd seg husvære på ein stad som heiter Thrushcross Grange. Utleigaren er Mr. Heathcliff frå garden Wuthering Heights, ein beisk og vond mann, og ein av dei eigentlege hovudpersonane i romanen. Sentralt står den heftige, men sjeldan gladlynte og aldri søte relasjonen mellom Heathcliff og Catherine Earnshaw.
Heathcliff var ein gut far til Catherine fann på gata i Liverpool og tok med seg heim til Wuthering Heights, der han budde med borna sine, Catherine og Hindley. Etter at Earnshaw senior døyr, tidleg, som folk gjer i eino i denne romanen, får Heathcliff ein hard og vond oppvekst. Hindley vert ein tyrann, og Heathcliff kjem med tida til å overgå han i så måte. Lyset i livet hans er Catherine, men ho er ikkje varm på annan måte enn at ein kan brenna seg på henne, og Heathcliff er like heit, bråsint og lettkrenkt som han er.
Mørkt
Emily Brontë skriv teksten innover og nedover i dei mørkaste krokar av menneskesinnet, der kjærleiken vrengjer seg til egoisme, ein vil eiga den andre med hud og hår, driftene er thanatiske (etter Thanatos, død) heller enn erotiske, og skulle det vanka noko som liknar eit venleg ord, vert det helst misforstått.
Mørket er, med andre ord, tett i denne romanen, og likevel er han svært fascinerande. Det er ei eiga stemning i teksten, noko uhyggjeleg som sprengjer seg fram med veldig kraft og grip lesaren slik at han til og med drøymer om dei beiske og egosentriske personane, og ein vert ikkje kurert for dette ved å sjå Kate Bush syngja om Wuthering Heights på Youtube, heller, snarare tvert imot, berre så det er sagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.