Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den framtidige gigantbyen

Stadig fleire flyttar til ein by. I Megalopolis vil Peter Butenschøn presentere oss for ei urban framtid vi ikkje er førebudde på. Men boka har større relevans for utanlandske byar enn for norske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilete frå det velståande bustadområdet Ikoyi i Lagos i Nigeria.

Foto: Reginald Bassey

5526
20241206
5526
20241206

Arkitektur

Peter Butenschøn:

Megalopolis. En fremtid av storbyer

Forlaget Press

Byar veks. Dei veks i alle land i verda. For 100 år sidan budde berre 10 prosent av innbyggjarane i verda i byar. I dag bur om lag to tredjedelar i byar. Talet på innbyggjarar i byar vil stige til minst 70 prosent innan 2050 dersom utviklinga i folketeljingane i dag held seg i same sporet. Det er spådomen til ekspertane i FN. Dette står å lesa i Megalopolis, som er skriven av nestoren i norsk arkitektur og byplanlegging, Peter Butenschøn.

Butenschøn var initiativtakar til Norsk Form, der han òg var direktør. Dei som kjenner forfattarskapen hans, veit at han har skrive fleire bøker om emnet, som Byen. En bruksanvisning (2009).

Kalkylane til FN peikar på ein røyndom som nesten er fråverande i norsk media og politikk, som tvert imot har det motsette som dagsorden: distriktspolitikk. Difor har Butenschøn skrive Megalopolis. Han vil vekkje samtale om byutviklinga i «den norske offentligheten», som han skriv i innleiinga.

«Lagos og byane ikring vil truleg nå 500 millionar innbyggjarar innan 2100.»

«Vannet kommer!»

Med solide fagkunnskapar, og med tilvisingar til film og litteratur, fører Butenschøn oss gjennom soga til byane, både i historisk tid, attende til italienske renessansebyar, og til byar i samtida, som veks med uhorveleg snøggleik.

Undertitlane vitnar om den tematiske inndelinga i boka, med kapittel som «Den produktive byen», «Hovedstaden» og «Vannet kommer!». Slik presenterer forfattaren alle mogelege dilemma og utfordringar knytte til den kolossale byvoksteren i dag, som det sistnemnde temaet vitnar om: Korleis kan vi førebu byar og byinnbyggjarar på det stigande havet?

Butenschøn fortel om forskjellige tiltak ulike byar tek i bruk, som dei rørlege barrierane byar som Rotterdam, Venezia og St. Petersburg har utvikla mot flaum. Andre byar tek i bruk andre og meir drastiske metodar. Indonesiske styremakter er i full gang med å byggje ein ny hovudstad for landet, Nusantara, på kysten av Borneo, 200 mil nord for Jakarta, som ligg på øya Java. Grunnen er at Jakarta, med 10 millionar innbyggjarar, slit med ei rekkje problem. Store delar av byen ligg under havnivået, det fører til flaumar, og innbyggjartettleik med trafikkaos har gjeve byen den dårlegaste luftkvaliteten i verda.

Nusantara er den framtidige hovudstaden i Indonesia. Byen skal erstatte Jakarta. Byen skulle stå ferdig i år, men prosjektet er forseinka.

Foto via Wikemedia Commons

Men store byprosjekt i milliardklassen fører til andre problem, som Butenschøn forklarar inngåande, mellom anna korrupsjon, som er tilfellet i Venezia og i Nusantara, og reine arkitekturfaglege spørsmål, som plassering av hovudstad i forhold til sentrum kontra utkanten i eit rike. Eit døme her er det avsidesliggjande Brasília i Brasil. Og dette peikar på atter nye tema: det humane byrommet skapt for innbyggjarar av alle sosiale klassar kontra byen som prestisjeprosjekt for korrupte statsleiarar.

Eit gjennomgåande tema i boka er kontrasten mellom den planlagde byen og byen som utviklar seg spontant, der Butenschøn viser til ulike døme på heldige og uheldige utfall innanfor begge modellane. Omtalar av ein av dei største byane i verda, Lagos i Nigeria, som har 28–30 millionar innbyggjarar, er ein raud tråd gjennom boka, som eit døme på den spontant veksande byen. Lagos illustrerer til gagns boktittelen – omgrepet megalopolis viser til samanhengande byområde med alle utfordringar det fører med seg: Lagos og byane ikring vil truleg nå 500 millionar innbyggjarar innan 2100.

Norske byar

Butenschøn omtalar ei imponerande mengd byar i ei bok som tel 290 sider og som er i lite format. Somtid går det fort i svingane: Nusantara blir på éi side lagd til Java, seinare til Borneo. Boka hadde nok tent på færre case studies og meir luft mellom linene. Det blir til dømes underleg at Butenschøn, i avsnittet om Dubai og Qatar, er uroa over arbeidsløysa mellom gjestearbeidarar i Dubai, utan å nemne at tusenvis av dei som levde som slavar i Qatar, døydde på grunn av dette vanvitige byprosjektet.

Så kan ein spørja seg korleis boka kan vekkje interesse i den norske offentlege samtalen. Det er langt mellom Lagos og den største norske byen, Oslo, som fyrst nyleg har passert grensa for éin million innbyggjarar. Diskusjonane om megalopolisane innbyd ikkje til parallellar i det grisgrendte fjellandet vårt. Butenschøn kjem likevel ein og annan gong inn på norske bydebattar, som plassering av sjukehus.

Han fortel også om ein vill idé frå 1965 om å byggje ein norsk hovudstad med namnet «Nordstad» på Hadeland. At Butenschøn er kritisk til norsk distriktspolitikk, kjem ikkje som ei overrasking, men eg reagerer på ordbruk som «landsbynostalgi», for av andre bøker veit vi at Butenschøn sjølv er tilhengjar av etablering av norske landsbyar, som suksesshistoria Ringebu.

Eg saknar òg ein diskusjon av den planlause bygginga av kulturhus i norske byar i omtalen av Richard Florida og teorien om «den kreative klassen».

Dermed blir Megalopolis i hovudsak ei bok som er relevant for ei anna side ved norsk samfunnsdebatt. Nordmenn som arbeider med bistand og utviklingshjelp i utlandet, vil finne hjelp i Butenschøns bok i møte med afrikanske og asiatiske storbyar. Boka har òg ein allmenn verdi. Ho er ei unik kjelde for lesarar med interesse for byar, historiske som samtidige.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis