Bok

Den fireinige guden

Kim Leine skriv romankunst av høg klasse om koloniseringa av Grønland.

Den norsk-danske forfattaren Kim Leine fekk Nordisk råds litteraturpris 2013.
Den norsk-danske forfattaren Kim Leine fekk Nordisk råds litteraturpris 2013.
Publisert

Ikkje alt er på stell med Grønlands apostel i den nye romanen til Kim Leine. Livet i og ikring den ferske kolonien Godthåb i åra 1728–1735 er hardt, folk fell frå i eino, og som Hans Egede seier på side 575, 270 år før Cormac McCarthy: «Dette er ikke et land for gamle menn.»

Kim Leine har laga boka som ein monologserie. Her kjem eit stort persongalleri til orde, og såleis får me vita det mest interessante ved dei, korleis dei tenkjer, og dermed også korleis dei ter seg for å løyna tankane sine. Slik kan det sjå ut som om boka har mange hovudpersonar, men i røynda handlar det meste om to av dei, den raude mannen, åndemanaren Aappaluttoq, og den svarte mannen (på grunn av preste­kjolen), presten Hans Egede, ein steil og stiv Luther-elev, sjenerøs med tukt og gniten på sakrament.

Kulde, sott og naud

Boka tek til med ein freistnad på å kolonisera Grønland éin gong for alle, og i éi handvending slå minst to fluger i ein smekk, idet brorparten av kolonistane vert rekrutterte frå tukthuset i København. Så står tvangsgifting i hurten og sturten for tur, før alle vert skipa over havet til eit nytt og verre liv. På Grønland ventar kulde, sott og naud, ein stabukk av ein prest, hor og drukkenskap, og innfødde som har funne ut korleis ein kan overleva i det harde klimaet, noko nybyggjarane går inn for å læra minst mogleg av. Her er ein guvernør og ein kommandant som hatar kvarandre, eit par hjelpelause hjelpeprestar, heksekunst som verkar fortreffeleg, og legekunst som ikkje verkar i det heile. Ja, medisinen er vel det fagområdet som har minst framgang i Godthåb, og slår såleis misjonen, men ikkje med mykje.

Leine skriv i eit saftig språk og auser or ein utømmeleg brønn av kunnskap, slik at boka aldri er keisam, sjølv om det er ein del longørar og litterære blindtarmar, men dei stadfester på si side det organiske inntrykket ein får av romanen. Alt er delar av ein heilskap, om enn somme element kan verka bortkasta, men for dei religiøse, som ser at sjølv han Gud har skapt mannen med brystvorter, er dette truleg noko å kjenna seg att i.

Religion

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement