Flugefiske etter laks kom til Noreg gjennom trevarehandelen. Den irskfødde godseigaren Johan Thonning Owesen skal ha vore den fyrste. Dette var i Nidelva i 1820 eller 1822, då laksefisket var eventyrleg. Ein engelskmann som fiska der nokre år seinare, fekk ti laks dagleg, og på den beste dagen 21.
I vår tid ser det dystrare ut for fisken – og dyrare for fiskaren. Eg kjenner folk som har drive med laksefiske sidan 1990-talet, men enno ikkje har fått 21 laks. Dei 80.000 nordmennene som fiskar laks årleg, tek på eit normalår til saman 120.000 laks, altså ikkje meir enn halvannan fisk per fiskar. Sidan laksefisket i norske vassdrag står for ei verdiskaping på 1,3 milliardar kroner årleg, gir dette ein stykkpris på over 10.000.
I Noreg er laksesesongen avgrensa til nokre få månader i sommarhalvåret. Resten av året lyt me laksefiskarar finna på ting som dempar lakseabstinensen, som vedlikehald av utstyr, øving på flugekast, flugebinding – og lesing av laksebøker.
Underleg aure
Laks. Historien om en fantastisk fisk og tre litt under middels fiskesesonger merkjer seg ut i bunken av nyare laksebøker. Forfattaren Randulf Valle, som er utdanna metallurg, maktar her å baka ei mengd vitskaplege og historiske fakta inn i ei personleg forteljing. Språket hans er presist og ujålete, utan den manierte telegramstilen som ofte skjemmer nye sportsfiskebøker.
Rammeforteljinga er tre fiskesomrar. Utgangspunktet er ein kanotur for snart 15 år sidan, ein augustkveld då Valle trædde to makk på ein liten krok nedst i ein fossekulp i elva Kárášjohka og drog i land ein flott aure på litt over kiloen. Men då han nokre år seinare granska biletet av fangsten på nytt, byrja han å tvila. Den spisse hovudforma og slanke kroppen med få prikkar under sidelinja, den konkave sporden med smal, markert halerot: Dette var i røynda ein laks, sjølv om han blei fanga fleire mil ovanfor den offisielle lakseførande strekninga i Kárášjohka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.