Bok

Den fantastiske historia om reven

Reven er ifølge Andreas Tjernshaugen ein av dei mest vellukka ville dyreartane i verda.

Nysgjerrig rev på Nesodden som framleis røyter vinterpelsen i mai.
Nysgjerrig rev på Nesodden som framleis røyter vinterpelsen i mai.
Publisert

På ein planet der menneska har lagt under seg altfor mykje av land og ressursar til bruk for seg sjølve og husdyra, kan vi finne trøyst i at reven ser ut til å klare seg uansett. Vi finn rev på alle kontinent, frå ørken og villmark til bustadfelt og storbyar. Raudreven har òg ei spesiell rolle i norsk og europeisk natur og mytologi – i folkeeventyra, i Den fantastiske Mikkel Rev av Roald Dahl, i Hakkebakkeskogen og i Disney-filmar.

Men soga om reven er mykje eldre og større og rikare enn som så, og det får vi grundig og underhaldande presentert av Tjernshaugen i boka Reven. Portrett av eit villdyr.

Som katt eller hund

Evolusjonshistoria til reven startar for 30 millionar år sidan, ein stad i Nord-Amerika då hundedyra delte seg i to greiner: ulveslekta (Canis) og reveslekta (Vulpes). Etter det har dei utvikla seg i svært så ulik retning. Sjølv om det er lett å sjå slektskapen til hunden når vi ser på spora eller tilfeldigvis treffer på ein rev i nabolaget, er det også mykje som skil dei to.

Ulvane blei store og kraftige, opptekne av å jakte i flokk, og dei legg ned store og små bytte ved å rive og slite dei i hel. Reven blei ein individualist og ein fantasirik opportunist som deler jaktteknikk meir med katten enn med dei andre hundedyra. Stirer du reven inn i auga, vil du også sjå at han har loddrette pupillar, nett som katten.

Ein anna stor skilnad på reven og ulven er denne: Ei grein av ulvefamilien krinsa seg inn på menneska og vart etter kvart tamde (domestiserte), ein kan òg seia at dei tamde seg sjølv for å få tilgang til ly og mat hos menneska. Hundane, og etter kvart ei lang rekkje dyreartar, vart med oss på denne reisa, og i dag er det menneska og husdyra som utgjer den aller største delen av alle levande dyr i heile verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement