Bok
Den einskilde og dei uvisse relasjonane
Kristin Vego leverer velskrivne tablå der det ukjende løyner seg i det røynlege.
Kristin Vego er kritikar i Dagbladet Informationen og redaktør i tidsskriftet Vagant. Ho er frå Aarhus, men bur for tida i Oslo.
Foto: Erika Hebbert
Georg Johannesen hevda tidt at mest alt han skreiv, var sitat, og slik er det gjerne oftast med alle, me har ikkje funne opp språket, og skulle me slumpa til å seia eller skriva noko originalt, har det helst slik ein gjæv status av di det er dårleg. Andre har sagt det betre før.
Men du skal radt sjå at dei berre siterte, dei òg. Den vakre tittelen på debutboka til Kristin Vego er eit slikt sitat, etter det ho skriv til sist i boka, og etter det ein kan sjå før den første novella, er det frå eit dagboksnotat av Virginia Woolf, men ho siterte nok, ho Virginia også, for oppmodinga er frå diktet «Fare Well» av Walter de la Mare i ei diktsamling som kom i 1918. Virginia har rett nok omsett det noko arkaiske thy til your, men ho lurer ikkje meg!
Kvardagsleg
Kor som er, har Kristin Vego levert ein solid debut, der skrivehandverket er av høg standard. Her er alt plausibelt, ein trur det som står og får inga plagsam påminning om at ein sit og les fiksjon.
Vego nyttar dei gode evnene som skribent til å skriva om det ein kan kalla kvardagslege hendingar, her er det ingen store og dramatiske plott, og skjer det noko særs, er det i periferien, det gjeld ikkje aktørane i teksten personleg. Dei har likevel nok med sitt.
Sentralt i desse novellene står det gjerne ei ung kvinne. Som oftast er ho i ein relasjon til ein mann eller ei kvinne, ho kan vera på veg ut or eller inn i eit slikt tilhøve, men det er ikkje sjeldan eit drag av einsemd over tekstane, ein lengt etter noko, kan henda eitkvart som ikkje er definert, truleg av di det ikkje er råd å definera det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.