Bok
Dei unges trivielle liv
Elena Ferrantes nye danningsroman er lite original.
Ei ny bok av Ferrante blir alltid møtt med enorm merksemd og forventing. Sjølv har eg aldri vore begeistra for den mystiske «hypa» napolitanske forfattaren. Den siste romanen hennar – eller hans? Veit vi kven som skjuler seg bak namnet no? – stadfester inntrykket av at den enorme suksessen ikkje er proporsjonal med kvaliteten.
I motsetnad til heltinnene i den såkalla Napoli-kvartetten, som kjem frå eit røft arbeidarklassemiljø, veks Giovanna opp i ein middelklassefamilie med foreldre som elskar henne, og som ho sjølv beundrar. Ho kjem i puberteten, og ein dag blir alt forandra. Ho overhøyrer far sin omtale henne med orda «veldig stygg», og at ho liknar på syster hans. Tanta har Giovanna aldri møtt, foreldra har bevisst halde henne unna. At Giovanna skal likne på denne «tanta frå helvete», set i gang eit ras både inne i jenta sjølv og etter kvart i omgivnadene hennar. Som dei fornuftige og tolerante foreldra dei er, lar dei Giovanna møte Vittoria – fleire gonger. Møta blir skilsetjande for ungjenta, verda blir aldri meir den same. Ho kryssar ein del grenser – både i Napoli by og i seg sjølv. Undervegs mister ho illusjonar både om foreldra og om korleis verda heng saman. Etter kvart mister ho også noko anna som ein gjerne vil bli kvitt på veg mot vaksenlivet. Alt saman kan vere smertefullt, men er ei uunngåeleg følgje av å bli vaksen.
Blir det noko?
Som alle ungdomar er Giovanna og venninnene hennar opptatt av gutar og sex. Får hovudpersonen ligge med den ho er forelska i? Dette er lagt opp som ein viktig handlingstråd og spenningsdrivar. I tillegg handlar det mykje om rivalisering og sjalusi mellom venninner. Større tema som identitet, religion, kultur- og klasseforskjellar ligg både i underteksten og i ein del av dialogane. På overflatenivået er det likevel side opp og side ned (romanen er på 400 sider) om kven som er forelska i kven, og kven som ligg med kven, og – kanskje litt mindre trivielt, men mest relevant for dei unge – om mor og far kjem saman att.
Når heller ikkje språket eller forteljargrepa er oppsiktsvekkande gode eller originale, blir leseopplevinga lite interessant, i alle fall for vaksne. Romanen har eit sterkt ungdomsbokpreg.
Kontrastar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.