Bok

Dei gamle har det best

Dei kyniske har ein fordel. Dei kan fortelja om verda som dei ser henne, utan å bry seg om kva andre måtte meina. I Danmark sit det ein Kåre Lunden.

Publisert

Saknar du Kåre Lunden? Ja, det gjer vel dei fleste historikarar og nynorskingar med vit. Det var noko med kynismen, viljen til å vera absolutt ærleg om det han såg, som gjorde at Lunden raga høgre enn stort sett alle andre norske historikarar i etterkrigstida. Dessutan hadde ein eit auge for den råkande og opplysande anekdoten. Men Lunden skreiv ikkje berre for å opplysa, han skreiv òg for å underhalda. Lunden var aldri pliktlesnad.

Danmark har sin eigen Lunden, og dansken er framleis i live. Han heiter Søren Mørch og er 86 år gamal. Han vart fødd inn i eit danske borgarskap som på mange sett og vis var like tysk som det var dansk. Han voks opp før vi alle vart anglosaksarar og moralistar. Mørch er ikkje berre før 68-ar, han er føramerikansk. Dette gjev han eit perspektiv som, i det minste for meg, er underleg friskt. Han har til dømes ein slags lengt etter ei tyskrussisk forbrødring. Kva kunne ikkje tysk ingeniørkunst og russisk ressursrikdom ha uretta?

Rett nok ser han ei viss von i dette at Gerhard Schröder både er styreformann i Nord Stream AG, den nye gassrøyrleidninga mellom Russland og Tyskland, som elles vert bygd av Kværner, og Rosneft, den russiske oljegiganten. Før eg las artikkelsamlinga Utilsigtede hændelser, såg eg på Schröder som ein Putin-lakei og svikar mot Nato. Det gjer eg i og for seg enno, men Mørch får meg i det minste til å tenkja.

Churchill-forakt

Utilsigtede hændelser er skriven av ein gamal mann, og av og til ber boka preg av det. Ho er ikkje nett fagfellevurdert. Mørch foraktar mellom anna Churchill, noko som gjer at han vert vel selektiv i kjeldebruken. Men ein gamal mann har det privilegiet at han kan skriva fritt og berre lata alt han veit, fløyma, utan tanke på korkje konsekvensar eller moral. Ein 86-åring trugar ingen. Boka har heller ingen raud tråd, då sett vekk frå at han hevdar at han skriv om historiske hendingar og trekk som ikkje var planlagde, men kom som konsekvens av politikk som hadde heilt andre mål enn det som var tenkt.

Men boka er òg eit oppgjer med alle dei som nyttar notida som fasit på historia. Tak til dømes forteljinga om trekanthandelen: Vi har alle lært at britane segla til Afrika og tente uhorveleg med pengar. Når slavane så kom til sørstatane, vart dei under forferdeleg kår sette til å slava til dei døydde ein tidleg død, som igjen gjorde at det måtte koma stadig nye forsyningar av biomasse. Dei seinare åra har det kome til ein ny dimensjon: at slavedrifta i takt med teknologiutviklinga heldt fram mykje lenger enn det som var økonomisk naudsynt. Amerikanarane heldt seg med andre ord med slavar ikkje av di det var lønsamt, men av di dei ikkje ville sleppa taket i den gamle samfunnsmodellen. Det gjer slavehandelen og -drifta dobbelt så grueleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement