Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Roman
Eivind Riise Hauge:
Halvard Borges forbrytelser
Vigmostad & Bjørke
Med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast, men alle lover er i grunnen påfunn, og trass i gode intensjonar råkar dei oss ulikt. Det er noko av det den nye romanen til Eivind Riise Hauge handlar om.
Ein stad i vedvarande bergensk uvêr overtek litteraturvitaren Thomas Larsen eit forskingsprosjekt om seriekriminelle og rettsvernet deira, når tidlegare dommar, rette eller urette, har erodert bort truverdet. Ein av desse gjengangarane er Halvard Borge, også kalla Rorgen, som i byrjinga av boka ligg på Haukeland sjukehus og tenkjer tidvis klårt, men andre gonger uklårt om både det eine og det andre. Romanen vekslar deretter mellom arbeidet Thomas Hansen gjer for å finna ut i kva grad Rorgen har fått rettvis handsaming, og episodar i sinnet til Rorgen sjølv, der han tenkjer interessant om mykje og mangt.
Stereotypiar og terapi
Tidleg i boka, medan Thomas er i kontakt med mellom andre ein storrøykjande professor «hev vore» frå Karmøy og ein kamerat som heiter Kjetil, tykkjest personane noko konstruerte, men dette er ei bok som berre veks i kvalitet under lesinga, og aller best er bolkane med Rorgen på sjukehuset, der Eivind Riise Hauge har funne fram til ein herleg rytme i den litt hissige medvitsstraumen, med passasjar krydra med nokre klyper banning, eller med den bergenske avslutninga «mann», og det gjer det heile truverdig. Halvard Borge vert ein person for oss, i kraft av det han tenkjer, og i kontrast til det me får vita at han har gjort, og truleg stadig kan få seg til å gjera.
Forfattaren har gått langt i å tildela Borge eit rikt indre liv og ein kulturell ballast som ikkje høver heilt med den stereotypien som plasserer seriekriminelle i ein taparkategori. Stundom ser ein i teksten ein motsett stereotypi, men då som tankar somme gjer seg, og ikkje noko forfattaren bryt inn med, nemleg at folk med høg utdanning ikkje har bakkekontakt. Særleg ser det ut til å gjelda i psykiatrien.
Kona – eller sambuaren – til Thomas, Laura, er psykolog og driv etter det eg forstår, ein slags åtferdsterapi, men det verkar ikkje som om ho har særleg tru på sitt eige fag, for ho ser ut til å meina at folk ikkje endrar seg, same kva ein gjer med dei. Ho har fått ein førespurnad om hjelp frå ein åtti år gammal mann med dommar bak seg for pedofili, men ho vil ikkje hjelpa han. Ho nemner dette for Thomas, og ein får ei kjensle av at ho gjerne vil få medhald i avgjerda si, men Thomas kan ikkje godta ei slik haldning. Det anar lesaren at relasjonen mellom dei to er i oppløysing, og det er skildra svært godt og på finurleg vis.
Funklande detaljar
Boka er aktuell alle stader der det finst lover, og ho er full av gode observasjonar. Her er det bipersonar som dukkar opp no og då som levande personar, og her er små, funklande detaljar som tykkjest uvesentlege i augneblinken, men som uventa får ein forklarande kontekst eller eit anna perspektiv hundre sider seinare, som eit perleforheng heime hjå mor til Rorgen, eller etternamnet Bratt. Ein lyt vera observant under lesinga og ikkje tru at eit fenomen er utan meining.
Eivind Riise Hauge har her skrive ein sterk roman som inspirerer lesaren til eigne tankar om rettsvesenet og individet, og om korleis samfunnets autoriserte forteljing om den einskilde får status som ortodoksi og justismord vert ståande av prestisjeomsyn.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.