JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dei faste og sterke sinn

Jubileumsskriftet til Norsk Målungdom manglar ei organiserande hand og ei tydeleg retning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5377
20240809
5377
20240809

Jubileumsskrift

Diverse forfattarar

Ung målstrid. Norsk Målungdom 60 år

Fonna forlag

I Norsk Målungdom var det ei tid, som i andre ungdomsorganisasjonar, altfor mange Tordenskjolds soldatar. Dei tente språkpolitiske håp i unge hjarte og synte flagg i politiske stridar. Norsk Målungdom (NMU) gjorde språkstrid til ein del av distriktsopprøret mot sentralmakta og EU, sympatiserte med antiglobaliseringsrørsla og var kritiske til Nato sin «out of area»-politikk. I dag er EU-motstand stroke av programmet.

Jubileumsskriftet til Norsk Målungdom feirar 60 år, men kjem ut først no, 63 år etter at organisasjonen såg dagens lys i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag. Frå 1972 vart namnet Norsk Målungdom. Legg vi til historia til Studentmållaget i Oslo, som til og med vart stifta før Noregs Mållag, i 1900, er det snakk om ei slags samanhengande historie som i 2025 vil feire 125 år.

Da Studentmållaget feira 50 år i 1950, kom eit historisk oversyn på 330 sider, ei bok for ettertida. Der var berre stiftinga vigd 50 sider, og nesten 900 namn finst i namneregisteret.

«Dette har ikkje blitt noka eigentleg organisasjonsforteljing.»

Inga soge

Dette har ikkje blitt noka eigentleg organisasjonsforteljing. Eg hadde kanskje venta det da eg starta lesinga, og slik tittelen på eit vis antydar. I staden får vi servert artiklar om ulike tema, ein fragmentarisk spegel inn i nokre av saksfelta det organiserte ungdomsmålfolket har arbeidd med i vår tid. For detaljar i historikken blir det vist til det digitale oversynet NMU har liggande på nettsidene. Men nokre fakta skulle vore inkludert her, når ein gir ut eit hefte på vel hundre sider, nesten ei bok. Her finst ikkje skikkeleg oversyn over folk som har prega organisasjonen, styre og viktige hendingar som i sum har fått til det organisasjonen stod for.

Men litt får vi da vite: Det store gjennombrotet til NMU kom via læremiddelaksjonane og demonstrasjonane for lærebøker på nynorsk på 1970-talet, ei delvis uløyst sak enno i dag. Eit fint oversyn blir gitt over EU-motstanden til organisasjonen, som vart avvikla i 2013. Ein artikkel fortel om kor mykje det betydde å lære organisasjonskunnskap for dei som fekk ungdomstida si i Norsk Målungdom. Organisasjonen har vore ein god rekrutteringsstad for dei som kan lesast av som folk med makt i nynorsklandskapet i Kultur-Noreg. Her arbeidde flinke ungdomar med meiningar seg fram til sentrale posisjonar.

Vi blir også fortalde at det i periodar har vore eit gnissande forhold mellom ungdomen i NMU og Noregs Mållag. Ein periode var dei to organisasjonane lite på talefot og hadde ikkje formelt samarbeid.

Eittspråksstriden

Striden mellom eittspråksforkjemparane, som ville ha nynorsk som einaste språk i Noreg, og folkemålstilhengarane som arbeidde ut frå at Noreg har to språk, seint på 1980-talet, seier sitt om store ambisjonar på vegner av nynorsken. Da ville NMU berre akseptere nynorsken som einaste riksspråk i Noreg.

At ein del medlemmer i NMU i denne tida stod med éin fot i m-l-rørsla, skriv Magnus Løken tydelegast om i kapittelet om «Målungdomen og EU-spørsmålet».

Desse språksveinane må ha levd i tru på at tida for nynorsken ville komme med revolusjonen. Da ville himmel og jord bli eitt, i eit raudt og nynorsknasjonalt Noreg, draum og røynd bli foreint.

Paradokset var at eittspråkslina rådde i ei tid da vona rann ut for nynorsk opplæringsmål i store delar av landet, raskare enn vatnet renn ut av eit badekar når proppen er tatt ut.

Manglar retning

Artiklane har gode kjeldetilvisingar. Her er vist til ein heil flora av litteratur om dialektspørsmål, språkstrid og språkhistorie. Men heftet blir eit slags studiehefte. Det har mangla ei organiserande hand som kunne sagt kva som må med i eit jubileumsskrift.

Noko burde også blitt opplyst om artikkelforfattarane. Det blir for internt når ein forventar at lesarane kjenner dei einskilde. Ikkje alle er så kjente som språkgeniet og lingvisten Rolf Theil. Men derifrå blir det mest personlege kjepphestar når han skal skrive om «Dialektar i Målungdomens tid». Theil avviser like godt parolen «Snakk dialekt – skriv nynorsk», som løfta den unge målsaka på 1970-talet. Det skulle heller heitt: «Snakk og skriv norsk, ikkje dansk-norsk!» Det ville nok samla ungdomen. Ordet nynorsk dekker heller ikkje kva nynorsk er, og ikkje bokmål det bokmål er: norsk – og dansk-norsk burde det heite. Klippe-klippe, sa kjerringa.

Medlemsjukset

Det er modig at eit kapittel er vigd det store medlemsjukset NMU dreiv med, etter at andre ungdomsorganisasjonar hadde blitt avslørte for å ha hatt fiktive medlemmer. NMU-saka kom først opp i 2002, gjennom ei sak i TV 2. Hadde AUF vore verst i første runde, fekk NMU ei ille sak i fanget til slutt. Ein god gjennomgang blir ikkje artikkelen som skal sette sluttstrek for saka. Vi får i staden ei bleik orsaking og bortforklaring.

Når ikkje éin einaste fotograf har fått namnet sitt på eitt einaste foto i boka (framside- og baksidefoto inkluderte), det er ein del, og det står i kvar einaste bildetekst: «ukjend fotograf», blir det lett å ty til vitsen om at det sikkert er dei ikkje-eksisterande medlemmene i organisasjonen som har tatt alle. Men den er vel for dryg.

Arild Bye

Arild Bye er journalist, forfattar og tidlegare redaktør i NRK Nord-Trøndelag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis