Bok
Bygdedyret og andre fe
Odd W. Surén skriv humoristisk og djupt alvorleg om fall og fordømming.
Odd Wilhelm Surén er romanforfattar, novellist, humorist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Foto: Lars O.
Eg må med skam vedgå at eg ikkje kjende til Odd W. Suréns forfattarskap før eg las Fall. Men eg kan love at det skal det bli ei endring på. Ja, eg kan like gjerne legge korta på bordet med ein gong: Eg er oppglødd, ja, overlag begeistra. For meg vert truleg dette ei av dei betre lesaropplevingane dette året.
Fall er burlesk fabulerande, folkesett av aparte personlegdomar, ofte politisk ukorrekt og går rett i strupen på det vi ikkje snakkar om. Språket er friskt og feiande frekt. Her finn vi, mellom anna, smededikt, ei mor som fryktar at dottera skal få hestelår og bart av å drive med lengdeløp, og ein kåt russisk kunstløplærar som knar kvalpefeittet til eleven sin og seier «…jahh dje er fljesk, fljesk som vi spiser til jol. Svinjina. Nordmenn spiser fljesk, jeg skal spise ditt fljesk, det blir mye mat».
Men trass ordspel og andre fornøyelege innslag så er det ikkje slik at Surén berre driv og sklir på bananskal for å framkalle latter. Dette er humor som i skarpe glimt viser dårskapen hos menneska, og alvoret ligg og vaker rett under overflata.
Liten stein, stort fall
Stundom får eg ei snikande kjensle av at forfattaren også driv gjøn med lesaren, om det då ikkje er seg sjølv han driv gjøn med, eller kanskje sjølve teksten. I den første forteljinga blir vi kjende med ein mann som glir på ein liten rund stein og fell ned trappa til kjellaren. Vi blir fortalde: «Han har også, allerede nå, bestemt seg for å skrive om fall, alle slags fall, han har store ambisjoner, en bok om fall, hans eget, fysiske fall, hans øvrige fall…»
Det å falla er jo eit kjent tema i litteraturen, anten det dreiar seg om å falla ned i eit hol i jorda eller moralske fall. Ofte lærer den som fell, mykje av opplevinga, men andre gonger fører det berre til smerte. Medan eg les, slår det meg at framstillinga i Fall ofte er nådelaust ærleg, og at dette både er vanskeleg og stor kunst. I «Ballong» ser ei aldrande kvinne attende på eige «fall» og korleis skamma over det ho ser på som uakseptable kjensler, har kasta skugge over tilværet. Utan å forskyve skuld går Surén overgrepsofferet nærare etter i saumane, og eg får ei innsikt i skamma som hadde vore umogeleg om han hadde vegra seg for å gå inn i gråsonene her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.