Bok
Bygdebokorm
Isabel Coixet har laga eit tradisjonelt og pent drama om mot og kjærleik til bøker.
Emily Mortimer spelar hovudrolla som bokhandlar.
Foto: Lisbeth Salas / Storytelling
I 1959 opnar Florence Green (Mortimer) ein bokhandel i småstaden Hardborough på søraustkysten av England, men overklassekvinna fru Gamart (Clarkson) vil heller lage eit kunstsenter for sosieteten i same hus. Ho styrer alt frå den flittige lokale ryktebørsen til nevøen i parlamentet. At Florence har drivkraft til å byrje bra, inneber ikkje at fru Gamart lar henne stele rampelyset på sikt. Mot må til.
Erkeengelsk
Bookshop er basert på ein roman av engelske Penelope Fitzgerald frå 1978. Til å vere regissert av katalanske Isabel Coixet og filma i Nord-Irland og Barcelona kjennest filmen enormt engelsk. Ein får litt den kjensla ein minnest frå Livet med Larkins, med landsbybilete frå ei svunnen tid. Hardborough er pittoresk. Fotoet er fint, og heile produksjonsdesignen er ein tradisjonell variant av femtitalet, frå fargetonar til former. Dvelinga ved fine bokomslag er staseleg.
Middels motstand
Coixet fekk tre Goya-prisar grunna solid handverk, ikkje djerve kunstnariske val. Greitt nok. Forteljinga kjem med hogg mot britisk elite, byråkrati og BBC. Ei scene med bokorm og einstøing Edmund Brundish er verkeleg vellukka. Traust musikk er fjerna til fordel for lyden av ein lei trekk, og Emily Mortimer og Bill Nighy spelar kvarandre gode.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.