Byens ord
Det er ikkje lett å stå på terskelen til nye tider, slik personane – og Oslo – gjer i det storslåtte romanverket Byens spor.
Lars Saabye Christensen har skrive fire romanar om familien Kristoffersen på Fagerborg.
Foto: Ali Zare / NTB
Roman
Lars Saabye Christensen:
Byens spor. Jesper og Trude
Cappelen Damm
Lars Saabye Christensen har ført oss gjennom 50-, 60- og 70-talet i dei tre første banda av Byens spor. Både lesarane, forfattaren og romanpersonane hans trudde det var ein trilogi, men jammen måtte ikkje Jesper, Stine, Jostein og fru Vik frå Fagerborg på Oslo vest ut i endå eit nytt tiår: 80-talet. I romanen Jesper og Trude har butikkane fått lengre opningstider, det er fleire enn éin TV-kanal, og Jespers pianoelevar vil spele Jannickes «Svake mennesker».
Mellom tider
Alle vaksne menneske, også dei i «gamle dagar», har stått i ei brytingstid der dei har måtta gi frå seg kongen-på-haugen-krona til neste generasjon. I romanen ser vi Jostein, som i likskap med Jesper nærmar seg 40 år, få auge på eit par punkarar med hanekam på gata, han meiner dei «ser ut som om de har vært hos en blikkenslager, ikke frisør».
Romanen opnar med bisettinga til Maj, som har halde oppe den vesle familien med borna Jesper og Stine sidan far Ewald døydde i band 1. Ho kom frå ei etterkrigstid der kollektiv innsats og individuell nøysemd stod sterkt. Etter at Maj og hennar generasjon har takka for seg, må den tafatte Jesper, snurrige Jostein, hjelpsame Stine og skuffa Trude finne ut av tinga sjølve, og det i krysselden mellom dei nedarva verdiane og den nye tida.
Ei kosteleg scene er der slaktarsonen Jostein inviterer foreldra sine med på den nye McDonald’s-restauranten og tingar cheeseburgarar. Dei skjønar ingenting. Kvar er kelnerane, borddukane? Korleis skal ein ete denne retten utan kniv og gaffel, går det an å gjere han om til smørbrød? Det står: «Karbonadesmørbrødene ligner to branntomter. Det er gamle dager som har brent ned.»
Forfattaren i verket
Tidlegare i Byens spor lanserte Christensen to interessante grep. Han lét forfattaren entre romanuniverset og plassere seg i handlinga som ein slags observatør. I årets roman kan det sjå slik ut: «Blir dere med inn, kan vi se Jesper som kommer ut på kjøkkenet i bare pyjamas». Det andre grepet er at han rettar seg mot lesaren og spør: Kvar skal vi no? «Skal vi bli med Jesper til Dek-Rek og forlate Stine, eller er det ganske enkelt henne vi skal bli med videre til Oslo Legevakt?» Underforstått: Det er ikkje gitt, heller ikkje i ein roman, kvar vi skal, og både romanen og livet tar heilt ulike vegar alt etter kva vi vel i augneblinken.
Lars Saabye Christensen har med denne bokserien ikkje berre laga eit treffande, levande og vakkert portrett av Oslo vest gjennom fire tiår, og av den vesle Kristoffersen-familien og venene og naboane deira. Han knyter òg romanverket til forfattarskapen elles, som at Kim Karlsen frå Beatles dukkar opp også her, og dessutan til sin eigen forfattarmetode. Stine er blitt lege, noko som er til hjelp for mange av dei andre karakterane, og her får vi vere med heilt inn i komposisjonen av romanen: «der ser vi hvor viktig det er for oss å ha med en medisinsk sakkyndig, som kan ta hånd om fortellingens karakterer, store og små, når det trengs».
Etter dette siste bandet blir det òg tydelegare at portrettet av byen og av personane langt på veg er to sider av same sak: «Byen er ikke én, men mange, kanskje så mange at hver eneste innbygger har sin egen by, mens gatene strever med å binde dem sammen.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lars Saabye Christensen har laga eit treffande, levande portrett av Oslo vest gjennom fire tiår.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.