«Byen e Bergen»
Kristian S. Hæggernes opphevar skiljet mellom novelle og roman.
Kristian S. Hæggernes debuterte med ei diktsamling i 2004.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Roman
Kristian S. Hæggernes:
Fotballspillet og andre fortellinger
Cappelen Damm
Fotballspillet og andre fortellinger er den ellevte tittelen frå Kristian S. Hæggernes sidan debuten i 2004. Han starta med fleire fine, reflekterte og lett melankolske diktsamlingar før han gjekk over i prosaen og fann stoffet sitt og forma si i skildringane av eit nabolag i Bergen. Der er oppvekst, pubertet, sjenanse og ein kvernande sjølvrefleksjon berande element i ulike forteljingar med eit persongalleri som blir flytta rundt og bunde saman på kryss og tvers frå dei var barn på 1980-talet til dei i dag er godt vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn.
Under eitt dannar dette ein novelleroman med ulike forteljarstemmer, slik tilfellet også var med Ida og Oda (2017), og folk frå tidlegare bøker dukkar også opp i periferien i årets bok, både Ida og Oda og Njål frå Fettere & kusiner (2015).
Kort roman
Tittelnovella kunne like gjerne passere som ein kort roman på vel hundre sider, og her tematiserer Hæggernes det som går igjen i mykje av forfattarskapet: angsten for å forlate guterommet, angsten for å bli vaksen, angsten for å miste kontrollen i sosiale samanhengar. Dette kompenserer forteljaren gjennom eit fotballspel han fekk som tolvåring, der han kan spele kamp etter kamp, cup og serie i fleire divisjonar med opp- og nedrykk, slik at det verkelege livet blir ei fantasiverd han kjenner seg trygg i, og der utanforskapet blir til å bere.
Men alt raknar i overgangen frå U. Phil (vidaregåande skole) til ex.phil. saman med ei innkalling til sesjon, som betyr at han må forlate det trygge guterommet.
Fleire av personane har liknande oppheng, ikkje berre i fotball, men i dinosaurar, Donald-blad, leiketraktorar – ting som tar fokuset bort frå det dei fryktar mest av alt, og samtidig lengtar etter: å bli vaksen, finne ein kjærast, å bli del av noko større. Dette turnerer Hæggernes med stil og eleganse, morosamt, slentrande, sjølvreflektert og med syrlege kommentarar retta mot mobbarane som er der heile tida og får ein til å gå omvegar.
Kontinuitet
Dette er altså eit nabolag i Bergen der dei fleste kjenner kvarandre, har gått på same skole, har hatt dei same lærarane, har gått på same ungdomsklubb; somme blir gifte med kvarandre, andre blir gåande som ugifte, og når foreldre døyr eller endar på sjuke- eller aldersheimar, overtar barna huset, pussar opp og leiger ut ein kjellaretasje der ein gammal barndomsvenn kan flytte inn, slik at kontinuiteten kan haldast ved like, utan oppbrot, utan større forflyttingar.
Det som kan velte dette trygge og faste, er dei erotiske understraumane som er der som draum og fantasi i barndommen; i vaksenlivet fører det fort til utruskap, omvegar og bakvegar, noko Hæggernes lar fleire av personane oppleve og på ulike vis komme unna med. Det er ein finstilt psykologi i dette.
Å skrive sjølvbiografisk har vore det vanlege i mange år, og Hæggernes gjer nok også det. Men samtidig transformerer han det sjølvbiografiske til dikting og opprettar dermed eit skilje mellom boka og forfattaren. Det er slik det skal vere.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristian S. Hæggernes transformerer det sjølvbiografiske til dikting.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.