Bok
By og land
Helga Flatland set by og land opp mot kvarandre i ei nokså sprikande forteljing.
Helga Flatland har skrive fleire bøker etter debuten i 2010 som gav henne Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Foto: Agnete Brun
«Aa, kunde eg fara til Telemork, og liva ei Sumarstund! Der gror det Ryllik paa Stove-Tak, og Songar paa Folkemunn», skreiv Per Sivle. Mange fleire enn han har hatt nasjonalromantiske førestillingar om det tradisjonsrike området midt mellom austland og vestland. Etterklang er eit studium av kulturmøte mellom den urbane livsforma, der idealet er å kunne leve kor det skal vere så lenge det finst nettilgang, og miljø som er avgrensa av lange tradisjonar og djupe røter. Flatland har blikk også for dei svake sidene ved bygdelivet.
Forfattaren er sjølv frå Telemark. Ho er stø i miljø- og interiørskildringane og har henta motiv frå «songar på folkemunn». Feleslåttar og gamle segner om ublide kvinnelagnader er forsøkt innvovne i handling og tematikk.
Handlinga i romanen er lagd til det første året av «koronatida». Dette er mest ei ramme for delar av handlinga, ikkje eit tema i seg sjølv. Mathilde er norsklektor i eit vikariat på ein osloskule når ho forelskar seg i ein av elevane. Forholdet tar slutt, men skuleleiinga er blitt varsla. Mathilde mister jobben. Ho må vekk og reiser altså til Telemark. Det er meir ei flukt enn ein draum. Etter kvart blir heile prosjektet eit mareritt.
Trauste bønder
I tillegg til Mathilde har vi ein forteljar til, Johs, husvert på garden Mathilde kjem til. Dei to har ordet i kvar sine kapittel på kvart sitt mål, bokmål og nynorsk. Flatland beherskar båe godt og har eit særleg handlag med dialogane.
Johs driv ein tradisjonsrik telemarksgard saman med bror og mor. Her lever dei slik bønder har gjort i Noreg i tusenvis av år: I eit arbeidsfellesskap der fleire generasjonar lever om ikkje under same tak, så på same tun – og dessutan med ein heller påtrengande nær relasjon til dei som ligg under torva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.