Bok
Brot og betring
Samlinga byr på alvorstunge noveller om samliv og samfunn nær eller etter samanbrot.
Vidar Kvalshaug har skrive tittelnovella i samlinga.
Foto: Morten Holm / NTB scanpix
Diskrimineringa er diskriminerande distribuert, ei umoralsk handling frå majoriteten, eit privilegium hjå minoriteten, såleis kan Samlaget gje ut ein antologi med nemninga nye nynorske noveller, og eg kan melda boka i ei nynorsk vekeavis, men for at dette skal halda fram, er det viktig at nynorsken tviheld på statusen som minoritetsspråk.
Om novelleantologien Ingen-
mannsland er eit trugsmål mot statusen, veit eg ikkje, men boka er god og tankevekkjande.
Tida etter brot
Her handlar det om tida etter brot av ymse slag, berre unnataksvis med element av betring. Nokre noveller er tematisk autonome, til dømes tittelnovella av Vidar Kvalshaug, ein briljant idé litterært presentert i ei opak innfatning, men just dette opake er det briljante: Eit par, som båe har forpliktande tilhøve på anna hald, møtest i løynd og legg ut på ein båttur i skodde. Det heile tek ei dramatisk vending. I tillegg til å vera ein tekst som kan nyttast som mental sjekkliste for slike som tumlar med planar om utruskap, er båtturen i skodda eit svært godt bilete på relasjonen til dei to teksten handlar om. Novella er dessutan ein liten honnør til Bjørnson, slik eg ser det.
Rønnaug Kleiva skriv om ei norsk kvinne som reiser kringom i Egypt ved juletider, ho ventar på tekstmeldingar frå nokon heime i Noreg, ho har ikkje noko klårt mål med reisa, ser det ut til, men ho registrerer og skildrar med innleving og effektivitet. Men det er nokre småting som ligg og dirrar i underteksten, ho frys midt i varmen, og når ho ser ungar, lurer ho straks på kor gamle dei er. Repetisjonen av slike detaljar skapar ein identifiserande kontinuitet, ein anar konturane av det ho er oppteken av, men som ho ikkje formulerer for seg sjølv. Ein bør ikkje lesa denne teksten for fort, då misser ein desse vibrasjonane frå det umedvitne.
Les litt no og då
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.