Breitt og
innhaldsrikt
Her får du livets største spørsmål baka inn i finans- og religionshistorie.
Ole Asbjørn Ness brakdebuterte og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 14 år sidan.
Foto: Niklas Lello
Roman
Ole Asbjørn Ness:
Aftenlandet
Aschehoug
Eg ser stadig for meg filmen Wolf of Wall Street (2013) når eg les Aftenlandet. Leonard DiCaprios tolking av den tidlegare aksjemeklaren Jordan Belfort er lik Ole Asbjørn Ness’ romanfigur Daniel: kalkulerande, lynande intelligent og ikkje minst kaldare enn is.
Kjøp og sal
Forfattaren skriv òg med like høgt tempo og underhaldningsverdi som eg hugsar frå filmen. Norske Daniel har flytta til London og satsar ikkje berre stort, men alt, på trading – kjøp og sal av verdipapir. Mykje av det som omhandlar dette yrket, er heilt nytt for meg, og eg må innrømme at noko går over hovudet på meg, men eg stoler fullt og heilt på at siviløkonom Ole Asbjørn Ness kan dette.
Brorparten av romanen går føre seg på midten og slutten av 1990-åra. Det er eit mørke i teksten som kan minne om ein dystopi, og eg trur forfattaren ønsker å vise oss eit bilete av dei store samanhengane, eller motsett, dei store samantreffa. Slik sett er det originalt å plassere oss 20 år tilbake i staden for nokre år fram i tid. Eg trur fleire enn eg kjem til å setje pris på å lære om Asia-krisa – finanskrisa som dei fleste av oss har gløymt: I 1997 stupte den thailandske bahten i verdi, noko som fekk store konsekvensar for fleire land.
Men Aftenlandet er langt ifrå ein rein finansroman. Vi har to hovudpersonar til: Hanna, ekskjærasten til Daniel som satsar på ein karriere som skodespelar, og forfattarspiren Kateb som flyktar frå Algerie.
«Noe mer»
Det er ikkje berre innan økonomi Ness viser stor kunnskap, men òg i religionshistorie. Daniel fornektar alt som heiter religion og metafysikk og transcendens, rasjonalitet er den einaste guden hans. «Hvis ikke ham, så noen andre», er så godt som livsmottoet hans.
Hanna leitar stadig etter «noe mer» der ho går rundt i store, kalde, postmodernistiske London og prøver å skrive eit stort dramastykke: «Hun begynner med en følelse som er så vanlig at den nesten er en klisjé. Denne følelsen hennes av å være alene, mens hun er omgitt av mennesker. En tilstand som hun mener er selve den moderne tilstanden, er ikke alt vi gjør to motsatte bevegelser?» Kateb har det på same måte der han, med sin bakgrunn og sine sakn, slit med å føle seg heime blant alle som alt er heime.
«Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk» – plutseleg hugsar eg ei tonesett utgåve av dette bibelverset, og det blir gåande og gåande i tankane mine. Dette «noe mer», eller meininga med livet, eller kanskje snarare mangelen på meining, er det største temaet her. Somme søker etter fellesskapet, mens andre dyrkar individets status. Og kva betyr vi i den store samanhengen: Kan éin enkelt person forandre noko? Er det mogeleg at éin person øydelegg for 5000 andre? Eller er vi eigentleg heilt utan betydning? Og har vi alle kanskje det same målet, sjølv om vi har svært ulike vegar dit?
Ole Asbjørn Ness brakdebuterte og fekk Tarjei Vesaas debutantpris for 14 år sidan med den kolsvarte romanen Det er natt. I ti år har han arbeidd med ambisiøse Aftenlandet. Han har god grunn til å vere nøgd med resultatet, eit solid handverk som eg er sikker på mange vil få glede av.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ole Asbjørn Ness har god grunn til å vere nøgd med resultatet.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.