JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Botnsolid

Nokre gongar gir ein bokmeldar seg ende over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oliver Lovrenski har kroatisk bakgrunn og er oppvaksen i Oslo.

Foto: Jarli & Jordan

3503
20231006
3503
20231006

Roman

Oliver Lovrenski:

Da vi var yngre

Aschehoug

Det er langt mellom debutromanar som Oliver Lovrenskis Da vi var yngre. Med sitt særeigne språk og sitt sterke univers leverer han ein roman som rett ut sagt er fortreffeleg. Takk for utvidinga av ordforrådet!

Normal norsk ordstilling, grammatikk og vokabular må vike plassen for eit anna norsk, som er blitt til i kryssinga mellom ulike kulturar og miljø. Vi har sett denne såkalla «kebabnorsken» før, mellom anna i Maria Navarro Skarangers Alle utlendinger har lukka gardiner (2015) Amina Sewalis barneroman Hør’a dagbok (2020) og Gulraz Sharifs Hør her’a! (2020). Men Lovrenski har sin eigen melodi, og si eiga tyngd.

For nokre av oss krev det litt tuning å komme inn i språket: «i dag jeg skjønte hvorfor mennesker kriger over dummeste tinga, alt starta da vi ble sultne, så aight, vi drar og fanger no munch, men hva liksom?» Men raskt kjem ein inn i det, ein lyttar og strekker seg mot språkuniverset, trekker slutningar frå konteksten og kjem ut igjen på andre sida og har lært kva ord som avor, kæbe, flæ, dæbse, aight, flus, leilo og instu tyder. Det er i sanning ei utviding av eige ordforråd, for oss som til dagleg står på ei blåkvallengdes avstand frå dette vokabularet.

Mørket og lyset

Hovudpersonen Ivor og kameratane («brødrene») Arjan, Marco og Jonas har følgd kvarandre gjennom mange år, frå den skuleflinke tida til eit liv med dop, langing, vald og kriminalitet. Venskapen mellom dei er sterk, lojaliteten til andre gjengar not so much. Dei har bakgrunn frå Kroatia, India, Somalia og Noreg. Dei er alle i ulik grad under oppsyn av barnevernet.

Lovrenski skildrar overtydande den beintøffe skuggesida. Samstundes viser han kor mykje solskin det finst der, noko som røska opp i ein del fordommar i alle fall underteikna har hatt. Romanen består av kortare tekstar med eigne titlar, og om nokre mest har som oppgåve å peike vidare, er andre i tillegg meir fullenda som kortprosa.

Handlingsmessig bevegar vi oss frå det djupaste mørke til den svartaste situasjonskomikk. Det går ikkje an å ikkje le når Jonas har ein bad trip, blir paranoid og flyalarmen samstundes går (ei øving), og han ropar at russarane kjem, og flyg for å finne eit bomberom.

Samfunnsblikket som herskar, er òg skarpt og tilbakelent formulert: «men helt ærlig skole er så skada opplegg, liksom videregående nettopp starta og allerede man føler seg ferdig, og hver morgen jeg våkner og tenker kanskje alt var største vonde drømmen og jeg egentlig er 20 år i kroatia med fem jenter babyolje og tre pepperoni pizza, men nei, fortsatt jeg skal på skolen og lære hvorfor noen stein har flere farger.»

litterære kvalitetar

Slik romanens vennegjeng gjer, blandar Lovrenski inn fleire språk og dansar rundt med dei. Det kan vere kroatisk, somali, arabisk, tysk, spansk, svensk, fransk. Det finst frampeik til ting som seinare skjer, og dei er elegant plasserte reint dramaturgisk. Her finst litterære og samfunnsmessige referansar, Lovrenski viser mellom anna til Lars Saabye Christensens Byens spor, til vitsesjangeren («To narkomane går inn i en bar»), til Geir Lippestad, Charlie Hebdo med meir. Slikt løftar taket på romanen og liknar grepet han gjer med byen Oslo, som i ei vid utstrekning får sitt styggvakre, slåande portrett med denne romanen.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Oliver Lovrenski
skildrar den beintøffe skugge­sida med over­tyding.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis