Borande sjukdomsdikt
Neddempa kjensler er grunnleggjande hovudtrekk i diktinga til Rune Christiansen.
Rune Christiansen har skrive tolv diktsamlingar og ei rekke romanar.
Foto: Baard Henriksen
Dikt
Rune Christiansen:
Jeg går i sorg
Forlaget Oktober
Mykje tyder på at sorga er eit viktig tema i norsk samtidspoesi, og det er eigenleg ikkje merkeleg, for sorg er ei kjensle, og kjenslene er med på å definera oss som menneske. Å kjenna sorg inneber at ein kjærer om noko eller nokon, at ein har omsorg for eigen eller andres eksistens.
I Jeg går i sorg mediterer Rune Christiansen, ein av våre sentrale samtidspoetar, over mora sin kamp med den fryktelege sjukdomen demens. Christiansen protokollfører med stø hand sjukdomens nådelause gang, og det vert teikna eit nært og kjærleg bilete av ei mor som langsamt vert borte.
Poesien har frå gamalt vore rekna som ein sjanger der kjenslene mest genuint kjem til uttrykk, men Christiansen er heilt klart klassisk orientert, og ingen romantikar. Så han er ikkje ein mann av store ord; tvert om er grunntonen gjennomgåande forsonleg, neddempa og mild:
Jeg tror det som lever omkring oss deler vilkårlige
innsikter med oss. Hele tiden denne raslingen av
nærvær. Men hva er uutgrunnelig i verden? Rommet
hun etterlater. Bare det.
Det same klassiske perspektivet finn vi hjå forgjengaren Kjell Heggelund, konsist formulert i desse velkjende linjene frå Punkt 8: «De store ordene har jeg/ bak meg. De store ordene blir/ mindre og mindre ord foran meg/ De store ordene var gode nok i min tid.» Nettopp desse neddempa kjenslene er hovudtrekk eg synest er noko grunnleggjande i diktinga til Rune Christiansen. Men i tillegg kjem òg det aktsame, det tenksame, slik som i desse versa: «Mange år senere kan jeg finne på å tenke/ at datidens ord verken var ømme eller ironiske,/ bare aktsomme som mors ansikt.»
For jamvel om sjukdomen er alvorleg og uhelbredeleg, er ikkje alt berre mørker – imellom skin strimer av ljos og overraskande innsikter gjennom:
Om kvelden sier hun at hun er dum som liker å
dikte opp alt mulig. Jeg spør hva hun har diktet opp.
At jeg fortsatt er meg, sier hun, at jeg fortsatt ber om
tilgivelse for at jeg klatret i fjellet om natten.
Dikta i Jeg går i sorg er knappe, fortetta og lada med underliggjande meining. Rune Christiansen meistrar kortdiktformatet som få andre, og samlinga er stramt komponert – som alltid hjå denne diktaren.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta i Jeg går i sorg er knappe, fortetta og lada med underliggjande meining.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?