Bok
Bokkunstnaren
I Bibliotheca Wergelandiana blir ukjende typografiske sider ved Wergeland lyfte fram.
Vignett og illustrasjon i Wergelands Normandens Katechisme (1645).
Mange kjenner bokserien til Nasjonalbiblioteket som Fortidens folkelesning. Ein serie og eit bibliotek det òg er verdt å fylgje med på, er bøkene som biblioteket til Oslo Katedralskole gjev ut. Oslo katedralskoles boksamling er det eldste biblioteket og største skulebiblioteket i landet. For eit år gav bibliotekaren der, Ernst Bjerke, ut Bibliotheca Wergelandiana. Denne boka er gått heilt under radaren i norske aviser.
Henrik Wergeland gjekk sjølv på Oslo katedralskole og dedikerte eksemplar av bøker til skulen medan han levde. Sidan har biblioteket samla på Wergelands bøker, og denne samlinga har vakse monaleg takk vere bokkjøp og bokgåver i nyare tid, frå kjende boksamlarar som Cato Schiøtz, Bjørn Ringstrøm og ikkje minst Anne Marie og Kjell Chr. Ulrichsen.
Bibliotheca Wergelandiana er ei unik bokhistorisk og prentehistorisk kjelde. Ho inneheld òg artiklar om Henrik Wergeland. Odd Arvid Storsveen skriv innsiktsfullt om diktaren som «publisist». I eit påfylgjande kapittel greier Ernst Bjerke ut om kvifor det er viktig med eit bokhistorisk blikk på Wergeland. Bjerke kjem her med viktige direktiv til dei som trur at digitalisering er svaret på alle spørsmål i bibliotek og arkiv.
Får ikkje med alt
Når bøker blir digitaliserte, som til dømes på Nasjonalbiblioteket, er det nemleg mykje kunnskap som ikkje blir ført vidare, som opplagstal, papirtype og ikkje minst omslag med vignettar og illustrasjonar. Det same gjeld for moderne papirutgåver, som samla verk av ein forfattarskap, der ulike typesnitt blir skifte ut med éin gjennomgåande typografi.
I høve Wergeland er dette uheldig, for det få veit, er at Wergeland hadde eit unikt blikk for bokutstyr, ja heile bokproduktet såg Wergeland som ein del av det ideologiske fundamentet sitt. I jamføring med andre forfattarar utstyrte han bøkene sine rikeleg med dekorasjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.