Bok
Boka vi sårt har bruk for, er her
Endeleg: Arbeiderpartiet og 22. juli er eit nytt samlande utgangspunkt for samtale og vurdering.
Folk strøymde til blomehavet utanfor Oslo domkyrkje til minne om dei drepne i terror- åtaka i Oslo og på Utøya 22. juli 2011.
Foto: Erik Johansen / NTB
Denne boka er komen til etter oppdrag og med finansiering frå Arbeidarpartiet. Hallvard Notaker opplyser at han har vore heilt frisett i vurderingane sine og i arbeidsmåten. Det trur eg han på; ikkje alt som her står, kan vere hyggjeleg lesnad for partifolk. Men sentrale folk frå hendingane for ti–elleve år sidan har lese igjennom og kommentert grundig, så Notakers profesjonelle blikk er skjerpa av mange til no ukjende vitnemål.
Boka er ikkje endå ein gjennomgang av medieoppslag, Gjørv-kommisjon eller anna meir og mindre kjent stoff. Alt er nytt. Noko av dette formar ein utvendes kontekst, men då ofte lesen mothårs, eller ho handlar om alt det vi har undrast over. Om kaoset forvandla til noko som likna på orden, om alle dei ulike listene over bortkomne og overlevande, om statsministerens notat på kort han fann i kjellaren, om e-post til og frå regjeringa og Ap, og sjølvsagt munnlege vitnemål. Notaker fortel soga sett innanfrå.
Forvirring og fælske
Ver åtvara: Førstedelen av boka skjer i hjarta og påkallar skrekk meir enn medkjensle i fyrste omgang. Ein vert ført inn i den forvirringa, den tyngsla, den kjøvande kjensla av forvirring og fælske som rådde kveld og natt og morgon. Men etter kvart ser vi korleis folk som var til stades på Sundvollen, det vere seg personalet på hotellet eller folk frå AUF og Ap, helsepersonell og politifolk, klarar å improvisere mottak, mat, maktar å vise omsut og varsle på fleire hald. Friviljug innsats berga situasjonen.
Det rituelle sorgarbeidet og måten folk kringom i landet, med fyrste startpunkt i Oslo domkyrkje, tok seg av slikt sjølv og trekte Ap med seg, med rosehav, rosetog og lokale minnestunder. Tredjeparten av landets kyrkjesokn kontakta Ap og spurde om dei kunne gjere noko. Den rituelle kompetansen Kyrkja har, kom vel med og gav rammene for vidare reaksjonar i folket og i partiet.
Men sjølve omsorga kunne vore langt meir gjennomtenkt. Den mentale helsa til etterlatne, overlevande og pårørande vart lite teken omsyn til, og det gjeld vel framleis. Ei halv stilling vart sett av i AUF for å ta seg av kommunikasjonen med dei som trong rådgjeving og hjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.