Blomar veks i såret
Renbergs siste bok er eit mor og dotter-portrett.
Tore Renberg syner evna han har til å gripe finstilte rørsler mellom menneske, skriv Hilde Vesaas.
Foto: Marie von Krogh
Roman
Tore Renberg:
Ingen tid å miste
Cappelen Damm
Tore Renberg er ein av våre mest produktive og feira forfattarar. Først og fremst har han skrive romanar for vaksne, med Jarle Klepp-serien som den mest kjende. Han står òg bak fleire barnebøker, i tillegg til tekstar for film og scene. Nokre av bøkene har handling tett på Renbergs eige liv. Årets roman høyrer til i denne kategorien, heilt til slutt får lesaren vite at det er mora og mormora som har stått modell. Renberg syner den sterke evna han har til å gripe finstilte rørsler mellom menneske, slike som kan drage oss mot kvarandre eller skuve den andre vekk.
Mine gamle dagar
Handlinga tar til i 1998. Vi er hos ei eldre kvinne som ventar besøk av dottera. Far i familien er nett død. Det er dottera som har bestemt at dei to som er att – Edel på litt over åtti og Tove i femtiåra – skal møtast kvar onsdag og gjere noko hyggeleg. I opningsscena ser vi korleis Edel både gler seg og ironiserer over dette initiativet. Edel er ein sterk og tydeleg karakter. Vi blir kjende med henne gjennom utsjånad, rørsler og replikkar – også det ho seier til seg sjølv.
Inntrykket vi får av Tove, er litt meir dunkelt. Ho er ein annan type enn den spontane og tilsynelatande opne og livlege mora. I andre halvdel kjem ho meir på banen, men ho blir aldri like levande eller interessant som mora. Kontrastane og samspelet mellom dei to er presist og levande framstilt. Samstundes som Edel og Tove på eitt plan er varme mot kvarandre, har dei heilt klart sine roller å forsvare og repetere, noko som går ut over ei større utvikling av relasjonen.
Tids- og stadkoloritten verkar truverdig og blir hyppig understreka av dialektale uttrykk, det siste kanskje litt i overkant for ein lesar som ikkje har band til Stavanger. Vi følgjer personane på desse onsdagsmøta frå 1998 til 2005. For Edels del vil det seie frå tida som ei eldre, men særs vital kvinne, til ho er blitt sterkt prega av aldring. Vi får iblant nokre ekko av storpolitiske hendingar frå tidsepoken, men for det meste er dette eit tett kammerspel mellom to personar. Berre av og til kjem nokre få andre inn i denne sfæren, og dei blir perifere.
Som bak eit kamera
Renberg er ein driven forteljar, men romanen har nokre svake sider. Forfattaren har valt eit grep som er gjennomgripande, han har installert eit «vi» i teksten som liksom står bak ei dør eller eit kamera og følgjer med på personane. I den fine opningsscena fungerer dette godt og skapar ei kjensle av intimitet: Langsamt kjem «vi» nærare og tettare på personar og omgjevnader, alt blir skildra i detalj. Utetter i romanen blir eg likevel usikker på kor mykje grepet tilfører teksten, det blir meir påtrengande enn styrkande. Renberg har også eit «refreng» som avsluttar kvart kapittel. Denne setninga er ikkje så interessant eller vakkert formulert at ho fortener å bli gjentatt så mange gonger, etter mi meining grensar ho mot det sentimentale. Dessutan understrekar gjentakinga dei andre repeterande trekka ved romanen.
Ei følgje av kameragrepet er at det er mest indirekte vi får innblikk i kva som skjer på innsida av personane. Dette er ikkje noka innvending i seg sjølv, men kanskje hadde materialet eigna seg for ein film eller eit skodespel? Det er dialogane som er den store styrken her, dei er ofte glitrande. Dei to kvinnene snakkar forbi kvarandre, dei sårar kvarandre, med eller utan vilje. Det er trist og sårt, inniblant komisk – og veldig realistisk.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Renberg er ein driven forteljar, men romanen har nokre svake sider.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?