Bok

«Blodets hvisken»

Kiellands tekst er vill og brutal som ei kjøtetande plante.

Romanen til Victoria Kielland har felles trekk med novellene til Hans E. Kinck, meiner Hilde Vesaas.
Romanen til Victoria Kielland har felles trekk med novellene til Hans E. Kinck, meiner Hilde Vesaas.
Publisert Sist oppdatert

«Blodets hvisken, benpibernes bønn» er ein kjent frase frå Knut Hamsuns programerklæring for den nye litteraturen på tampen av 1800-talet som bar bod om modernismen i norsk litteratur. Victoria Kiellands tekst har tydelege røter i den tidlege modernismen, og kanskje særleg i den delen av han som fekk namnet «nyromantikk».

Mine menn har fellestrekk med til dømes novellene til Hans E. Kinck. Det er den indre røynda, menneskenaturen, som er hovudsaka her. Meir enn den kjende modernistiske tankestraumteknikken er det hos Kielland – som hos Kinck – meir snakk om ein sansestraum. Resultatet er ein tekst så vill og utøymeleg at den i seg sjølv krev all merksemd.

Kjærleik og død

Belle Gunnes var ei verkeleg kvinne og heitte opphavleg Brynhild Paulsdatter. Ho vart fødd midt på 1800-talet i små kår i Trøndelag. Som ung kvinne utvandra ho til USA. I Kiellands roman skjer dette etter ei brutal valdshandling frå faren til barnet ho ber på.

Barnet døyr, og mykje tyder på at noko også døyr i Brynhilds psyke. På den andre sida av havet svingar ho, som der først kallar seg Bella og så Belle, seg opp og blir ei velståande kvinne gjennom å gjere ei rekkje kriminelle og særs brutale handlingar. Ho drep fleire titals menn i tillegg til eigne og andre sine barn, set fyr på hus og svindlar forsikringsselskap i stor stil.

I mange år lokka ho menn til seg via kontaktannonsar i avisa Skandinaven i Chicago. Som ei slags grotesk omvend Sjeherasad må den vonde Belle ha hatt ordet i si makt, ei makt ho bruka til å ta liv. I breva ho skriv til mennene ho får kontakt med, fortel ho soger om brennande og evig kjærleik. Ho skriv: Kjem du hit til meg, vil du aldri reise herfrå. Fulle av von og begjær og – ikkje uvesentleg – pengar, kjem mennene strøymande. Det stemmer at dei aldri reiser att, dei endar nemleg som parterte lik i Belles hage og åker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement