JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Biografi som bauta

Biografen går tidvis i fella og leverer ei lovprising av Otto Ruge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
General Otto Ruge (t.h.) i samtale med stortingspresident Carl Joachim Hambro ved Bispegarden i Tromsø på ein av de siste dagane før regjeringa vart evakuert frå Tromsø i juni 1940.

Foto: NTB scanpix

5296
20191004
5296
20191004

Sakprosa

Tom Kristiansen:

Otto Ruge. Hær­føreren

Aschehoug

Professor i historie Tom Kristiansen har skrive ei skildring av livet til general Otto Ruge, den militære leiaren under felttoget våren 1940. I forordet kallar Kristiansen prosjektet ein biografi, men då ein biografi som sirklar rundt det som gjorde Ruge til ein kjend person i norsk ålmente, rolla han spelte som kommanderande general og forsvarssjef frå 11. april 1940. Og det er klart, andre verdskrig er det som gjer tida vår nysgjerrig på livet til Ruge.

Ruge spela ei avgjerande rolle for å få kong Haakon til å reise i eksil, mens han sjølv valde å bli igjen i Noreg. Han gjennomførte den militære kapitulasjonen og gjekk så i tysk fangenskap. Her blei han eit symbol på at dei norske styresmaktane ikkje hadde gitt seg, men førte krigen vidare frå framandt land. I mai 1945 vende han så tilbake. Han heldt fram i rolla som forsvarssjef, men trekte seg raskt. Som pensjonist heldt Ruge hus på Høytorp fort i Mysen, der han døydde i 1961.

Kulturhistorisk

Kristiansen gjer i forordet klart kva prosjektet hans er: å skrive ei livsskildring med krigserfaringa til Ruge i sentrum. Han peiker ut to interessante problemstillingar: Korleis Ruge forstod at andre verdskrig måtte knytast til ei nasjonal forteljing, og korleis Ruge mobiliserte «selve språket og sendte det i kamp». Den røynde krigs- og militærhistorikar Kristiansen opnar rett og slett for eit kulturhistorisk perspektiv på Ruges krigserfaring. Held han det han lovar?

Fyrst av alt: Kristiansen viser på ein god måte korleis og korfor Ruge kom til å sjå på forholdet mellom politikk og forsvar på ein ny måte før 1940. Han legg vekt på at Ruge var ein av dei fyrste i Noreg som skapte det vi i dag kallar tryggingspolitikk. Vidare kastar han lys over korleis Ruge under felttoget våren 1940 erkjente kor avhengig ein småstat var av hjelp utanfrå i ein krigssituasjon. Å sette ord på denne erkjenninga hos sentrale aktørar er særs viktig for å forstå korfor leiande norske politikarar etter andre verdskrig valde å gje slepp på nøytraliteten, for så å gå inn i ein vestvendt militær allianse. Det konkrete i denne erfaringa, slik det kjem fram under felttoget, er nyansert skildra hos Kristiansen. Også eit anna moment er verdt å framheve: korleis Kristiansen legg vekt på at Ruge åtvara mot å la seg freiste til etterpåklokskap. Akkurat det kan vera eit bilete på Kristiansens eiga forskargjerning, som uttrykk for ei verdifull forskarhaldning.

Røynd historikar

I det heile tatt er Kristiansen ein røynd historikar med andre verdskrig og forsvarshistorie som spesialfelt. Han veit kor han er, og han veit kva han meiner om dei sentrale stridsspørsmåla, sjølv om ikkje alle lesarar kjem til å vere einig med han i slutningane, enten det gjeld dei britiske planane for militæroperasjonar i Noreg før 9. april 1940 eller forholdet til general Carl August Fleischer.

Ikkje alt ved boka er like godt løyst. Fyrst av alt svarar ikkje Kristiansen vidare godt på dei to spørsmåla han peiker på i forordet, det eg tolkar som eit kulturhistorisk perspektiv, der bruken av språket, retorikk og førestillingar blir lagde under lupa. Vel framhevar han at Ruge blei motivert til å drive kampen vidare av omsyn til den nasjonale sjølvkjensla, i strid med kva nokre av offiserane meinte. Men dette var ikkje eit motiv som berre gjaldt for Ruge. Også utanriksminister Koht og kongen sjølv såg kampen som lekk i ein nasjonal kamp for sjølvstende. Vi har å gjera med eit motiv fleire av aktørane frå den gongen delte, noko som i seg sjølv kan vera verdt å grunde over. I dette er vi på sporet av førestillingar og språket hos den norske samfunnseliten anno 1940. Men å peike på dette held ikkje som svar på dei problema og perspektiva Kristiansen reiser i forordet.

Bryt med forma

Kristiansen kallar boka ein biografi. Interessant nok bryt han med den tradisjonelle biografiforma. Boka opnar med operasjon Weserübung 9. april og følgjer Ruge gjennom felttoget, fangenskap og etterkrigsåra. Historia om kor Ruge kjem frå og livet han levde før april 1940, fortel Kristiansen samstundes som han fortel om Ruge, som sjølv reflekterer over livet sitt mens han sit i tysk fangenskap. Dette grepet er blitt gjort før, nokre gonger vellykka. Eg er ikkje sikker på om Kristiansen lykkast. Problemet er at Kristiansen overlèt regien til Ruge. Dette er ei vanleg felle for biografar. Ein del formuleringar viser at Kristiansen går i fella og leverer ei lovprising av Ruge. Eg blir mistenksam. Var Ruge alltid så klok, så vis og så eineståande? Nokre gonger blir det som om forfattaren har ynskt å reise ein bauta. Men er det historikarane si oppgåve å reise bautaer?

Trass i dette er Otto Ruge også ei god bok. Kristiansen skriv det ein kan kalle ein funksjonell sakprosa i beste norske historikartradisjon. Problema blir konkretiserte og løyste eitt for eitt. Vi skal likevel ikkje tru at denne delen av fortida legg seg til kvile enno. Vi norskingar vil alltid vende tilbake til den erfaringa og minnestaden krigen er blitt.

Åsmund Svendsen

Åsmund Svendsen er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tom Kristiansen skriv det ein kan kalle ein funksjonell sakprosa i beste norske historikartradisjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis