Bibelens mangfaldige kvinner
Bibelens kvinner gir meir enn tittelen lovar, for forfattaren har gått gjennom ei imponerande mengd religiøs, mytisk og teologisk litteratur.
Artemisia Gentileschi: «Jael og Sisera», ca. 1620.
Kulturhistorie
Alf Kjetil Walgermo:
Bibelens kvinner. Historiene som forma verda
Samlaget
Alf Kjetil Walgermo, litteraturkritikar og kulturredaktør i Vårt Land, og dessutan erklært kristen protestant, er ikkje den første som har trekt fram kvinnene i Bibelen. Kari Veiteberg gav alt i 1995 ut ei lita illustrert bok med tittelen Bibelens kvinner. Ei minnebok, kalla ho boka, men intensjonen var å få fram ein kvinneleg undertekst. Det same vil Walgermo gjere med si bok.
Med denne praktboka, rikt illustrert med bilete frå europeisk målarkunst, har han sett seg føre å trekkje fram frå halvmørkret alle kvinner som er nemnde i Bibelen, og å syne at mange har spela ei mykje større rolle – på godt og vondt – enn dei ulike evangelistane og fortolkarane har vilja innrømme dei.
Dei viktigaste namna frå Det nye testamentet (NT) kjenner vi sjølvsagt, og somme forteljingar frå Det gamle testamentet (GT), til dømes om Lots hustru, som vart til ei saltstøtte då ho snudde seg for å sjå tilbake på dei øydelagde byane Sodoma og Gomorra, og om Susanna, som nokre eldre menn lurte på når ho bada.
Men i registeret i Walgermos bok om kvinnene i Bibelen er det nærare 200 namn, dei fleste bipersonar i større historier. Enkelte spektakulære kvinnelagnader kjenner vi gjennom måleria til til dømes Artemisia Gentileschi, som blant anna har skildra Jael medan ho hamrar ein teltplugg inn i hovudet til hærføraren Sisera. Mange store kunstnarar, frå Albrecht Dürer over Rafael og Caravaggio til Paul Gauguin og Edvard Munch, har late seg inspirere av Bibelens kvinner.
Bibelens «bad girls»
Bibelens kvinner gir meir enn tittelen lovar, for forfattaren har gått gjennom ei imponerande mengd religiøs, mytisk og teologisk litteratur for å finne meir stoff om desse kvinnene enn Bibelen gir. Ei rad apokryfe skrifter og koranen fyller ut dei bibelske forteljingane, ofte òg med andre tolkingar. Alt er gjort nøye greie for med lærde tilvisingar i 529 noter samla bak. I tillegg viser Walgermo korleis forteljingane har vorte nytta med ulik vri i litteratur, film, kunst og musikk heilt opp til våre dagar. Dermed får han sagt noko om fascinasjonskrafta dei stadig har.
Dei eggjande titlane på kapitla i boka gir ein peikepinn om kva slags kvinner det er snakk om: «Skjulte urkvinner», «Fem søstrer sikrar arveretten», «Kvinner i krig», «På æra laus: Metoo i Bibelen», «Å gråte over jomfrudommen sin», «Dårleg rykte». Historiene frå GT er heftige. Dei dreier seg om sex og attrå, incest, valdtekt, svik og intrigar, grufulle drap og krig, om sterke krigsherrar og vakre, kloke og iblant intrigante kvinner som til dømes bergar Israel frå overfall og undergang, slik Judit gjer ved å myrde Holofernes. Samtidig får Walgermo sagt noko om samfunnstilhøva og ikkje minst om stoda for kvinner i desse gamle, patriarkalske landa.
I NT dominerer sjølvsagt kvinnene rundt Jesus. Dei fleste er meir kjende for moderne menneske enn kvinnene i GT, som til dømes søstrene Marta og Maria, eller kvinna som var gripen i hor, og som farisearane ville ha Jesus til å dømme. Meir ukjent er det nok at også Paulus hadde kvinnelege hjelparar, noko også Kari Veiteberg nemner. Walgermo meiner at Paulus langt ifrå var kvinnefiendtleg, slik tradisjonen vil ha det til, og framhevar at støtta frå kvinnene var naudsynte for arbeidet hans.
Spanande historier
Det er altså spanande historier om kvinner som hadde avgjerande funksjonar i soga til stammen eller landet sitt, forfattaren har trekt fram her, i ei engasjert og levande form. Og han peiker på at «den viktigaste kristne læresetninga av alle, at Jesus stod opp frå dei døde», først ble forkynt av ei kvinne, nemleg Maria Magdalena. Jesus valde å vise seg først for henne. Dette er ein peikepinn om at ho var den næraste disippelen hans, meiner Walgermo. Men dette er stort sett usynleg i verknadshistoria.
I føreordet seier han at arbeidet med Bibelens kvinner har sett djupe spor: «Dei ulike kvinnelagnadene skaper gjenkjenning, undring, entusiasme og sjokk. Mange av dei vil prege meg resten av livet.» Eg kan i alle fall underskrive den første påstanden i sitatet.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emerita ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er spanande historier om kvinner som hadde avgjerande funksjonar i soga til stammen eller landet sitt.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.