Best om barnet les først
Biletbok
Johan B. Mjønes og Åshild
Irgens (ill.):
Lukas og Kim
Aschehoug
Lukas og Kim er den fjerde boka om Lukas. Johan B. Mjønes og Åshild Irgens har funne fram til ei formidling der illustrasjonane spelar ei større og meir sjølvstendig rolle enn vi vanlegvis ser i biletbøkene for dei minste lesarane. Der hierarkiet mellom forfattar og illustratør tradisjonelt går i forfattarens favør, er det motsett i bøkene om Lukas.
Teksten til Mjønes er kort og heilt enkel og skildrar berre den ytre handlinga. Illustratøren får dermed stor tillit og brukar han til å utdjupe det usagde og forsterke stemningane. Sjølv om Åshild Irgens legg inn element som opnar for å dikte vidare i oppslaga, er bruken av effektar dempa og forsiktig.
I gode barnebøker ventar vi oss eit rikare og meir variert ordforråd enn i den munnlege samtalen. Skriftspråket har vanlegvis fleire nyansar enn talespråket, men teksten i denne boka er i staden svært enkelt oppbygd og dermed straks forståeleg. I høgtlesinga kan boka få større verdi om barnet først får lese biletet og fortelje historia som finst i illustrasjonen. Teksten kan deretter støtte og stadfeste barnelesarens eiga forteljing.
Janne Karin Støylen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Biletbok
Johan B. Mjønes og Åshild
Irgens (ill.):
Lukas og Kim
Aschehoug
Lukas og Kim er den fjerde boka om Lukas. Johan B. Mjønes og Åshild Irgens har funne fram til ei formidling der illustrasjonane spelar ei større og meir sjølvstendig rolle enn vi vanlegvis ser i biletbøkene for dei minste lesarane. Der hierarkiet mellom forfattar og illustratør tradisjonelt går i forfattarens favør, er det motsett i bøkene om Lukas.
Teksten til Mjønes er kort og heilt enkel og skildrar berre den ytre handlinga. Illustratøren får dermed stor tillit og brukar han til å utdjupe det usagde og forsterke stemningane. Sjølv om Åshild Irgens legg inn element som opnar for å dikte vidare i oppslaga, er bruken av effektar dempa og forsiktig.
I gode barnebøker ventar vi oss eit rikare og meir variert ordforråd enn i den munnlege samtalen. Skriftspråket har vanlegvis fleire nyansar enn talespråket, men teksten i denne boka er i staden svært enkelt oppbygd og dermed straks forståeleg. I høgtlesinga kan boka få større verdi om barnet først får lese biletet og fortelje historia som finst i illustrasjonen. Teksten kan deretter støtte og stadfeste barnelesarens eiga forteljing.
Janne Karin Støylen
Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB