JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Best når døden kjem nær

Halvvegs ut i boka får vi oppleve at Inge Eidsvåg er ein dyktig lesar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Inge Eidsvåg tek for seg døden i

Inge Eidsvåg tek for seg døden i

Foto: Unni Ranheim

Inge Eidsvåg tek for seg døden i

Inge Eidsvåg tek for seg døden i

Foto: Unni Ranheim

2947
20171215
2947
20171215

Sakprosa

Inge Eidsvåg:

Døden. Livets følgesvenn

Cappelen Damm

Døden strekkjer seg mot oss denne bokhausten, gjennom forfattarar som sjølv skal døy, som i tilfellet Per Fugelli, som skreiv seg ut av livet i boka Per dør. I Inge Eidsvågs langt mindre personlege bok om døden får vi eit essayistisk framlegg om å skrive seg inn mot den siste kvila. Dette gjer han på autopilot ei god stund, men halvvegs ut i boka vert boka god.

Døden som fenomen

Før den tid har han hala lesaren gjennom sider som minner om ei standard lærebok om døden: i religionane, i kunsten, i analysar av haldningar til døden opp gjennom historia, ei lang tekst som det kjennest som eg har lese før. Eidsvåg skriv godt nok, det er ikkje det: om thanatologi (eit tverrfagleg studium av døden og dei døyande), om gravskikkar, om at fornektinga av døden leier til skrekkfilmar, eller om psykologiske studiar av menneskedraumen om evig liv.

Interessant nok, men det er også det heile: Det rører meg ikkje. Eidsvåg låser fast døden som fenomen, og gjev oss ei kulturhistorisk oppsummering av korleis døden har prega menneska sidan tidenes morgon.

Men så vender Eidsvåg seg til menneske som sjølv fortel, menneske som sjølv har valt døden ved eutanasi eller diktarar som skriv om eigen eller andres død. Vi får lytte til andre røyster. Alvoret stig. Eidsvåg slepper sin eigen død nær seg, og vi slepp det distanserte overblikket. Eidsvåg kjem òg sjølv tydelegare fram, og han skriv tankevekkjande om kvifor han er motstandar av å legalisere eutanasi.

Sterk lesar

Forfattaren går til dei store diktarane og freistar gje oss ei forklåring på den menneskelege sorga eller på trongen til sjølvmordet. Eidsvåg viser seg som ein sterk lesar. Han gjev oss meiningsfulle nylesingar av store poetar som Gunvor Hofmo, Aksel Sandemose, Emily Dickinson, Edith Södergran, Tomas Tranströmer, Astrid Lindgren og Hans Børli.

Eidsvåg spør seg: Kva kan eg finne om min eigen utgang hjå desse diktarane? Eidsvåg får audmjukt utvida horisonten sin. Han lærer noko om sin eigen død. Og det er slik med gode essayistar: Der standard lærebøker er laga av ein forfattar for å undervise lesaren om eit emne, lèt ein god essayist seg sjølv undervise av dei han skriv om.

Lesaren vert i så måte sekundær: Lesaren er ikkje eit objekt som skal lærast opp, slik lærebokforfattaren tenkjer om sin eigen tekst. Det er essayisten sjølv som er objektet, og vi, lesarane, får kike inn gjennom teksten, som i eit nykelhol, når forfattaren lèt seg utdanne. Nett dette skjer midtvegs i Eidsvågs bok: No er det Eidsvåg som lærer noko av det han les, ikkje lesaren noko av han. Om han hadde fått til dette i den fyrste halvdelen òg, hadde boka vore verkeleg sterk.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er forfattar og teolog og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eidsvåg spør seg: Kva kan eg finne om min eigen utgang hjå desse diktarane?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis