Bok

Berre kjærleik og død

Hanne Ørstavik borar i dei inste romma i kjenslelivet vårt.

Hanne Ørstavik har skrive roman om den døyande ektemannen sin.
Hanne Ørstavik har skrive roman om den døyande ektemannen sin.
Publisert

Felles for mange av bøkene til Hanne Ørstavik er at dei utforskar dei viktigaste relasjonane. Forfattaren er ikkje redd for å bevege seg inn i dei inste romma, ho går inn dit potensialet for den største lykka ligg, men der også faren for den aller største sjelelege smerta alltid lurar. Kjærleiken er det vi aller mest ønskjer oss og treng, men også noko vi har djup frykt for, fordi det gjer så vondt å miste.

Ti amo er ein sjølvbiografisk roman om dei siste månadene Ørstavik fekk med ektemannen Luigi Spagnol, som døydde av bukspyttkjertelkreft i juni i år.

Heimen

«Jeg elsker deg», seier ho og han til kvarandre heile tida, som om orda har ei magisk kraft og kan lindre smerta over at livet hans snart er over. Romanen søkjer for ein stor del å skildre kjensler og sansingar som rører seg på eit ikkje-verbalt plan, i det ordlause. «En gang strakk jeg hånda ut og kjente huden din, (...) og det var å opprette en forbindelse, få kontakt, at noe lite og språkløst og kanskje veldig tidlig i meg selv, en nyfødt del, kunne kjenne hud og varme og synke ned, kjenne bunn i natten, komme hjem eller fram.»

Slike tidlege erfaringar som ordlaust sit i kroppane våre som vaksne, er vanskelege å skildre. Ørstavik strekkjer orda så langt ho kan, og ho kjem ganske langt.

Minne frå dei fire åra paret har levd saman, kjem hulter til bulter gjennom teksten, det vekslar mellom notid og fortid. Slik blir lesaren gradvis kjent med paret, det livet dei har hatt og det livet dei har no. Alt heilt i opninga får vi vite den brutale sanninga: Han har berre månader att å leve. Ho forsøker å få han til å snakke om det, men han vik unna, orkar ikkje ta inn at livet snart er slutt, klamrar seg til ei von om at det kan gå bra. Dei er på sjukehuset, eller han er der og ho heime, han kviler og ho arbeider. Ho hjelper han når han er på det sjukaste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement