Bok
Beksvart frå Mexico
Fernanda Melchor tar eit oppgjer med den latinamerikanske machokulturen.
Fernanda Melchor er nominert til fleire prisar.
Foto: Wikipedia
Fernanda Melchors roman I orkanens skygge opnar med eit likfunn som ikkje står tilbake for Jakob Sandes dikt frå 1929 når det gjeld viljen til å dukke ned i ein makaber rotningsprosess.
Det er landsbyheksa som blir funnen i ein vatningskanal i sukkerrøyrsmarkene utanfor La Matosa, ein fiktiv landsby i delstaten Veracruz søraust i Mexico med kystline mot Golfen.
Det handlar om eit drap, og alt som hender fram til drapet blir oppklart, viser eit lokalsamfunn og kanskje ein heil nasjon vikla inn i ein valdsspiral utan like.
Tankestraum
Teksten går i sirklar og flyt fram og tilbake i ein fortløpande tankestraum utan bruk av avsnitt og sparsam bruk av punktum. Stadig vender han tilbake til utgangspunktet, drapet på Heksa, og gjennom ulike personar får vi ulike vinklingar på det som har hendt, og kva for motiv som ligg til grunn.
Etter kvart forstår ein at Heksa er ein transperson som kjøper brutal sex av ein gjeng dopfikserte og perverse ungdommar. I tillegg blandar Heksa ein fosterfordrivande mikstur som ho sel til gravide småjenter og prostituerte. Men det som triggar drapet, er ryktet om ein stor skatt i eit avstengt rom i huset, og etter at gjerningsmannen er tatt, utløyser denne fiktive skatten ein serie bestialske drap og forsvinningar, utan at nokon blir stilte til ansvar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.