Bok

Barnets einsemd

Sivert N. Nesbø borar i barnesinnet og viser lesaren stor tillit.

Sivert N. Nesbø har skrive tre romanar.
Sivert N. Nesbø har skrive tre romanar.
Publisert

Sivert N. Nesbø (f. 1982) frå Førde har så langt gitt ut to stillfarne bygderomanar der underteksten utvidar ei etter måten spinkel og kvardagsnær handling. Den tredje romanen hans, Sjøen om vinteren, går i det same sporet. Likt er det også at persongalleriet i det vesentlege består av foreldre, barn og besteforeldre.

Tolvårig forteljar

Det heile er sett gjennom tolvåringen Eli. Saman med foreldra er ho på ferie hos besteforeldra. Her møter ho to jamaldringar, Selma og Andreas, og saman driv dei med slikt ungar driv med: badar, fiskar, leiker, pratar forsiktig saman og rører så vidt ved det dei inst inne tenkjer på; kroppen som veks og endrar seg, puberteten, barndommen som er over.

God innsikt

Men det meste skjer inni hovudet på Eli. Ho tør ikkje opne seg, ho har opplevd ting på leirskolen som har skremt henne og gjort henne skeptisk til andre ungar. Alt er ikkje slik det ser ut, har ho erfart, og mobbing set gjerne varige spor i sinnet. Derfor er ho heile tida på vakt, også overfor foreldra, som ser ut til å slite i samlivet, utan at Eli greier å finne ut kva som gneg. Her viser Nesbø god innsikt i barnesinnet. Han presenterer Eli for lesaren, utan å tolke henne. Det blir lesaren som ser eit kjenslevart, einsamt og engsteleg barn som opplever framandkjensle midt i kjernefamiliens tilsynelatande idyll.

Nesbø tolkar ikkje Eli, men Eli tolkar alt ho ser: kroppsspråk, blikk, intonasjon, alt som blir sagt, og det som ikkje blir sagt, hengjer ho seg opp i og gjer seg sine tankar om. Ho brenn inne med mange spørsmål som ho prøver å finne ut av på eiga hand, og mistilliten til jamaldringar og til vaksne gjer at ho opplever tilværet som utrygt og skøyrt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement