Bak fasaden
Ferdinand von Schirach fortel poengtert frå tallause reiser rundt omkring.
Ferdinand von Schirach kjem frå München og er både forsvarsadvokat og forfattar.
Foto: Michael Mann
Forteljingar
Ferdinand von Schirach:
Ettermiddager
Omsett av Sverre Dahl
Gyldendal
På ferie i Tyskland for mange år sidan kom eg i kontakt med eit norsk par som budde på same hotellet, og da dei skreiv seg inn som Vonheim i resepsjonen, blei dei gjorde stor stas på, for hotellet hadde registrert dei som von Heim, og har du «von» i slektsnamnet, er du straks innanfor dei sosiale elitane i Tyskland, slik også Ferdinand von Schirach er det, både som kjend advokat og som prislønt forfattar.
Ferdinand von Schirach debuterte i 2009 i ein alder av 45. Før det hadde han ein karriere som forsvarsadvokat, og det er erfaringar frå rettssalen han ofte trekker inn skjønnlitteraturen ved å drøfte skuld og straff i lys av moralske dilemma, sviktande dømmekraft og tilfeldige hendingar med fatale konsekvensar. Han verken dømmer eller fordømmer, men prøver å forstå motiv og tankegang bak sjølve brotsverket.
Ettermiddager er den sjuande von Schirach-tittelen på norsk sidan 2011, og igjen er det Sverre Dahl som står for omsetjinga. Gjennom vel 140 sider blir lesaren presentert for 26 nummererte forteljingar der dei kortaste er å sjå på som poengterte refleksjonar eller kommentarar; dei lengste er fyldige historier med meir eller mindre sjølvbiografisk innhald frå reiser og opphald i samband med boklanseringar, opplesingar og intervju, der gjensynet med gamle kjende eller tilfeldige ukjende også gir djupn og substans og kastar eit oppklarande og overraskande lys over hendingar frå langt tilbake.
Handlinga utspeler seg ofte innanfor borgarlege miljø med eit snev av aristokrati der personane anten lever på arv eller har gifta seg til rikdom, og von Schirach prøver å forstå kva som rører seg bak den ytre fasaden – det doble livet mange av aktørane lever, og løyndommane og løgnene som straks dei blir avslørte, får fatale konsekvensar.
Typisk i så måte er forteljinga «Fem» om den velståande ungkaren, klokkefabrikanten og mesenen Peter Traub som i skjul oppsøker homoklubbar i Berlin, noko lokalmiljøet i vesle Tautzingen er på nippet til å få greie på gjennom ein utpressar som oppsøker Traub. Traub skjenker mannen så full at han ramlar utfor ein skrent og slår seg i hel.
Von Schirach forsvarte Traub i rettssaka som følgde, og når dei tilfeldig møtest på nytt på eit fasjonabelt hotell i Marrakech, kjem sanninga for ein dag.
Liknande historier er «Åtte» der eit harmonisk ekteskap blir øydelagt av at kona meiner å ha prov på at ektemannen er ein blottar, eller «Seksten», om forholdet mellom ein godt vaksen mann og eit gatebarn som tyr til han. Han tar seg av henne, og ho kjem seg opp og fram, men oppdagar brått baksida av det filantropiske.
Ofte blir historiene og forteljingane avslutta med ein overraskande vri eller ein lakonisk kommentar, eksempelvis i «Tjueen», ei kort litteraturhistorisk skisse kring det romantisk overspente forholdet mellom diktaren Heinrich Stieglitz og kona Charlotte Willhöft. 28 år gammal tok ho sitt eige liv for å gi inspirasjon til ektemannens dikting. «Selvmordet var ikke til noe nytte for diktene», konkluderer von Schirach.
Det er ein stille og dempa melankoli hos von Schirach, knytt til møte mellom menneske i ein bar eller på eit hotellrom der ein opnar seg for kvarandre og deler eit stykke einsemd, «og man ser hverandre aldri igjen.»
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.