Bok

Bak fasaden

Ingvils Solstad-Nøis kler av floskelen om «det gode liv».

Ingvild Solstad-Nøis er busett i Tromsø.
Ingvild Solstad-Nøis er busett i Tromsø.
Publisert

Kjøper ein eit treroms husvære for fire millionar på ei øy i Nord-Noreg, må øya ligge i ein by eller byen ligge på ei øy, og i Nord-Noreg finst det berre eitt alternativ: Tromsø. Utan at det er nemnt direkte, tar Ingvild Solstad-Nøis (f. 1973) lesaren med til Tromsø og Kvaløya som kulisse for handlinga i den tredje romanen sin, vinterstid, i møte med den nyskilte Eid og tenåringsdottera Alida som begge prøver å finne fotfeste i eit nytt miljø, på ein ny skole, i eit nytt nabolag. Det skal vise seg å by på problem.

Etter boka

Forteljaren Eid er ei spesiell dame, ikkje berre gjennom namnet, men også i måten ho møter omverda på. Ho har tatt pause frå doktorgradsarbeid, går heime, trener yoga og pilates og tar lange turar i marka, ser for seg det perfekte samtidig som ho lever i det uperfekte. Ho er tilsynelatande sjølvstendig og reflektert; likevel lever ho etter ei oppskrift, «etter boka», seier ho og gjentar det seinare: «jeg gjorde alt dette etter boka.»

Den tankeverda ho lever i, og det språket ho brukar, er fylt av flosklar, klisjear og pompøse symbol som skal verne henne og dottera mot den traudige realiteten: Dei er isolerte, mislikte, utstøytte i lokalmiljøet. Når ho gjer forsøk på å opprette nye relasjonar, skjer det seg ganske fort, for bak det overflatisk positive og den overdrivne begeistringa hos Eid skjuler det seg ein avgrunn av einsemd, sorg og lengt etter nærleik som folk trekker seg unna. Ho er dessutan nokså dominerande, påtrengande og doserande.

Observant

I dei to første romanane sine viste Solstad-Nøis seg som ein svært observant psykolog med blikk for dei små og avslørande detaljane i mellommenneskelege relasjonar. Dette er styrken i det ho skriv, saman med ein distansert og infam ironi som rammar både personar og miljø, skrive fram i fortetta og poengterte scener som for eksempel når Eid får besøk av helsesøstera ved skolen der Alida er elev. Når helsesøstera går, byr Eid henne ein purreløk ho mista i ein hundebæsj på vegen heim frå butikken. I ein annan scene, mens ho snakkar med eksmannen på Skype, kler ho seg naken i sofaen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement