Bok
Av jord er dei komne
Leonora Reyes blæs liv i den magiske realismen når ho skriv om kvinnedrap.
Dolores Reyes er forfattar, lærar og ein kjend kvinnesaksforkjempar i Argentina.
Foto: Indent LA
Argentina er eit digert land geografisk og var ein gong også stort økonomisk. Den stolte og glamorøse fortida fortonar seg meir som ein draum enn som røyndom for dei fleste argentinarar. Mitt inntrykk frå landet, som eg reiste i for mange år sidan, var at denne dualiteten gjennomsyrer mykje.
Aller grellast ser ein det i hovudstaden, vakre Buenos Aires med breie avenyar, grandiose byggverk og livleg kulturliv. Nokre hundre meter unna ligg slumstrøka. Det er mange av dei i denne byen. Her er skurliknande hus, open kloakk og tenåringsjenter med oppsvulma mage, vonlause både for seg sjølve og for barnet dei ber på. Lufta der er alt anna enn bueno.
Dolores Reyes skriv frå innsida av eit slikt miljø med ei ungjente i hovudrolla. Temaet her er eit fenomen som fått sitt eige namn, femicidio, kvinnedrap. Over heile verda hatar menn kvinner så sterkt at dei drep dei. I Argentina blir ei kvinne myrda kvar trettiandre time, seier ein FN-rapport. Boka har fått stor merksemd og er omsett til mange språk.
Jorda fortel
Forteljinga byrjar med at vi får vite at mor til den namnlause hovudpersonen døyr under mystiske omstende. Dottera, som då er lita jente, vil ikkje godta at jorda skal ha mora, som har vore så fattig at ho ikkje får nokon skikkeleg gravstad. Som ein protest gir jenta seg til å ete jord.
Snart oppdagar ho at denne jordetinga gir henne overnaturlege «syn» av kva som har skjedd med ein død eller forsvunnen person. Kva som har skjedd med mora, må ein lese mellom linjene for å skjøne, men det kjem fram at det var faren som slo mora i hel. Ingen tvil om at vi er i ein brutal røynd. Slik held det fram gjennom ein roman like svart som jorda sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.