Augneblinken og det evige
Karl Ove Knausgård skriv inkluderande og opplysande essay.
Karl Ove Knausgård har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen.
Foto: Sølve Sundsbø for D2 / Oktober
Essay
Karl Ove Knausgård:
Kjøttets ingeniører
Forlaget Oktober
Det viktige er alltid relativt, medan det uviktige tidvis kan vera absolutt. Men denne absoluttverdien er truleg lik null. I den første teksten i den nye boka si skriv Karl Ove Knausgård om kvifor romanen er viktig, og han nemner difor at romanen ser verda frå innsida, og vegen inn dit, til innsida, står open, i og med romanen.
Eller kanskje ein burde utvida det litt og seia at den vegen finst i skjønnlitteratur som lyt lesast, og ikkje vert formidla via andre medium, slik det har vorte så populært å gjera med litterære verk, og då særleg romanar, dei siste tiåra. Fyrst kjem boka, så kjem filmen, så musikalen, så filmen om filmen og musikalen om filmen om filmen, og så bortetter.
«Karl Ove Knausgård skriv forvitneleg om leserøynsler.»
Tett på
Knausgård skriv forvitneleg om leserøynsler, og like bra eller betre om å skriva. Skal eg oppsummera essensen i det han skriv om skjønnlitterær skriving, er det at skriving ikkje er tenking. Med litt andre ord enn Knausgård opplever eg dei beste bøkene slik at forfattaren, anten ope eller kamuflert, skriv tett på seg sjølv, men at han eller ho då ikkje er eit subjekt i teksten, men eit objekt. Forfattaren vert ein tilskodar til sin eigen tekst, som, når han først og fremst handlar om augneblinkar, kan nå det evige.
Som essayist ser det for meg ut til at Knausgård nyttar ein metode som liknar den han nyttar som skjønnlitterær forfattar. Han set seg til for å skriva, utan disposisjon. Dette kjem stundom til syne i tekstane, som har god flyt og klårleik, utan at dei er stringent redigerte, eller har vorte til etter ein eksakt plan.
Han kan til dømes ein stad hevda at fuglar, som er dei større, ville dyra me kan støyta på overalt, ikkje definerer augneblinken, men så tek han seg i det og kjem fram til at dei kan gjera det likevel, og på det viset vert også dei essayistiske tekstane levande, dei utviklar seg.
Observatør
Knausgård er ein god observatør, til dømes har han i eit TV-intervju med Tarjei Vesaas frå 1965 sett, i nokre blikk frå Vesaas, korleis kjensla av å halda på med eitkvart som i nærmiljøet ikkje vert oppfatta som «skikkeleg» nok, ikkje heilt ville sleppa taket i diktaren, same kor høgt han vart akta i litterære krinsar.
Tettast på eiga skriving kjem Knausgård i denne boka i essayet «Tübingen-forelesningene 2019». Der skriv han at alle problem han støyter på i skrivinga, er av praktisk art, ingen av dei er teoretiske, og løysinga er intuitiv. Teksten skriv på ein måte seg sjølv medan ein gjer eitkvart anna.
Russland
Eit langt essay handlar om, eller er som ein reportasje frå, ei reise i Russland i oktober 2017. Her kjem Knausgård, med dei gode assistentane Oksana og Lynsey, som ein stad heiter Lindsey, tett på folk med ulik bakgrunn, som regel heilt på slump, mellom anna flott skildra frå ei togreise der det vonleg ikkje var svillene hjula slo mot, men skjeneskøytane.
Dette essayet har enormt forsterka aktualitet no og inneheld ein lynande klår analyse av Russland under Putin, av forfattaren Sergej Lebedev, i tillegg til mange fascinerande observasjonar av Knausgård og opplysande fråsegner frå dei han får i tale.
Heilskapsinntrykket av boka er at ho, sjølv om det ofte er intrikate saker som vert drøfta, er nær sagt forbløffande lettlesen og på underleg vis underhaldande, ikkje ved komikk eller spenning, men ved gode resonnement og velartikulerte tekstar.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.