JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

2783
20240628
2783
20240628

Sakprosa

Alf Helland:

Jakta på Girardoni

Kolofon Forlag

Alf Helland sette seg føre å rekonstruera den luftdrivne rifla som austerrikaren og klokkemakaren Bartholomeus Girardoni utvikla og produserte for keisar Josef II kring 1780, som den fyrste av sitt slag til militær bruk.

Den norske børsemakaren, eller børsesmeden (delar av rekonstruksjonen blei støypt i smia eller smidd i essa), og stipendiaten har dokumentert og fortalt om dette prosjektet på fleire plattformer, i intervju, på børsemakarens blogg, i årsrapportar til Norsk håndverksinstitutt og to opplag på eige forlag av boka Jakta på Girardoni.

Også militærvåpen skulle ta seg ut på 1700-talet, med gjennomtenkt og gjennomført estetikk i alle detaljar. Kopien kan ikkje vera dårlegare.

Også militærvåpen skulle ta seg ut på 1700-talet, med gjennomtenkt og gjennomført estetikk i alle detaljar. Kopien kan ikkje vera dårlegare.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

Raudlista handverk

Det er ein fyldig katalog over raudlista handverk som børsemakaren her syner fram: gjørtling, lepping, rifling, dreiing, fresing, filing, honing, lodding, skjefting, gjenging, brunering, herding og ikkje minst avherding. Pluss nyttige råd om behandling av pakningslêr som vel ikkje står i noka anna lærebok, praktisk matte og klassisk estetikk. Detaljar og framgangsmåtar som spesielt interesserte måtte sakna i papirboka, kan såleis finnast på nettet. Eg kunne ønskt meg at alt blei samla i ei rikt illustrert praktbok, men eg innser at eit slikt bokønske no kan vera gamaldags, då nettet er tilgjengeleg for langt fleire, verda over, der det store publikumet finst og språk er eit lite hinder.

«Det er ein fyldig katalog over raudlista handverk som børsemakaren her syner fram.»

Gamaldags var i alle høve ikkje det krutfrie og mest lydlause våpenet til Girardoni som skaut opptil 20 kuler på same tid som fiendens munnladarrifler berre fyrte av éi einaste.

Meir fascinerande enn våpenet sjølv er mest skildringa av når unge Alf Helland oppsøkte og arbeidde med aldrande meistrar og ivrige lærlingar i børsemakarlauget i den tidlegare austtyske våpenbyen Suhl, og sidan i dreiebenkens heimby Colchester i England. Det seier mykje om kaliberen til den norske børsemakaren at det var nett dit han søkte – for å læra av dei beste.

Ja, Helland kommuniserer òg gjennom hundreåra like attende til gamle Girardoni, som let våpenet og løysingane han fann svara godt og detaljert.

Ei oppmoding

Helland rettar på tampen ei oppmoding til styresmaktene om å ta lærdom av Girardonis vind­rifle, «det mest berekraftige våpenalternativet nokosinne», og lempa på lova som i dag forbyr jakt med grovkalibra luftdrivne våpen.

Hellands neste prosjekt bør difor vera å leggja nostalgi til side og byggja vidare på plattforma til Girardoni, for å visa oss alle kva eit luftdrive våpen verkeleg kan utretta om dei maskinar, materiale og teknologiar me rår over i 2024 er tekne i bruk. Kvifor skal me elles ta lærdom av fortida?

Johan K. Brox

Johan K. Brox er deskjournalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis