«At arbeide uaflatelig»
Edvard Hoem sluttfører den bandsterke krønika om forfedrane sine med å følgje husjomfrua Julie Elisabeth.
I 2019 fekk Edvard Hoem Brages heiderspris. Året etter vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Foto: Paal Audestad
Roman
Edvard Hoem:
Husjomfru
Oktober
I snart ti år har Edvard Hoem utgitt bøker der han har dikta seg inn i livet til forfedrane sine, romanar som har vekt åtgaum både hos lesarar og kritikarar. Slåttekar i himmelen var den første. Årets Husjomfru er den sjuande i rekkja, og sist i boka skriv forfattaren at han no ser verket som fullført. Som i dei andre bøkene i serien går diktaren og historiegranskaren saman i eit tospann og skriv fram liv og tider som skil seg mykje frå våre eigne.
Julie Elisabeth Hoem, yngste dotter til felemakaren Lars Olsen Hoem, som fekk si eiga bok i Felemakaren, bestemte seg tidleg for at ho ikkje ville late ein mann stå i vegen for hennar eiga løype gjennom livet. Ho var altså einsleg livet ut, men hadde eit rikt og mangslunge liv. Soga om Julie Elisabeth er ei forteljing om den utsette posisjonen til tenestefolk, men også om verdet deira.
Kvinneliv
Ramma om livssoga er Julies tilvære på gamleheim i Bergen, Alders Hvile på Nordnes. For første gong i livet har ho god tid, og minna kjem nær. Det har vore eit liv med mykje lys – men også ein god del mørker. Som foreldrelaus attenåring måtte ho tidleg klare seg sjølv. På nært hald – ho hadde seks eldre systrer – hadde ho sett kva ekteskap og mange barnefødslar gjorde med kvinners moglegheiter. Slik ville ikkje ho ha det.
Likevel kan ikkje lesaren fleire gonger undervegs unngå å håpe at ho skulle få litt meir enn berre dei korte glimta av kjærleik og attrå som ho lar seg sjølv få kjenne. Slik blir Husjomfru også ei viktig påminning om kva for rammer kvinner har levd under og framleis lever under mange stader i verda.
Julie blir tenestejente, men er driftig og «fremmeleg» og avanserer til husjomfru. Omgrepet gir ikkje meining i dag, men var namnet på kvinna som hadde overoppsynet med hushaldet i eit større herskapshus. Julie går raskt i gradene og får arbeid hos viktige og rike familiar i Bergen. Til sist kjem ho heilt til topps i huset hos den styrtrike Peter Jebsen, han som grunnla Dale Fabrikker, framleis ei hjørnesteinsbedrift (Dale of Norway) på Vestlandet.
Byen er Bergen
Historia om Julie er også i stor grad historia om Bergen den siste halvdelen av 1800-talet, Gjennom Julies ulike huspostar rundt om i «denne krønikiske by» i eit halvt hundreår kjem vi tett på byutviklinga. Romanen er ei hylling til den livlege sjøfartsbyen, og for oss som er glade i Vestlandets hovudstad, er det frydefullt å følgje Julie rundt, der ho ferdast både blant skolause «tjuagutter» i smale bysmau og har ansvaret for overdådige selskap i dei fornemme herskapshusa. Kanskje googlar vi fram nokre historiske foto undervegs.
Langt ute i boka skriv Hoem at Julie levde livet sitt gjennom dei ho tente hos. Her tykkjer eg på ein måte forfattaren gjer sin eigen hovudperson mindre viktig enn slik ho står fram i soga. Gjennom å lese om Julie Elisabeth lærer vi jo nettopp at eit slikt kvinneliv er så mykje meir enn eit «tyende». Julie er eit sjølvstendig individ med faste karaktertrekk som ho syner tidleg og bevarer livet ut. Husjomfrua har sine meiningars mot, tør tale herskapet sitt midt imot – og får betale dyrt for det.
Den blassaste delen av boka er dei sidene som skildrar Julies ferd til og opphald i USA. Julie var der i fem år, og forfattaren meiner nok det må med. Men innvandrarlivet har han sjølv skildra så mykje betre i andre bøker i serien.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.